Rauma: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 1 (09.07.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Danielbu parkering (1,150m)
Endpoint Danielbu parkering (1,150m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 45min
Distance 18.3km
Vertical meters 1,170m
Map
Ascents Fossafjellet (1,783m) 09.07.2014
Fugleleikhøa (1,376m) 09.07.2014
Stokkehøgda (1,579m) 09.07.2014

Med temperaturvarsel oppunder 30-talet er det ikkje noko poeng for oss å leike lavlandsape, sitte på ei strand og trykkje på ein mobiltelefon. Det er berre å pakke bilen og komme seg til fjells. Aktivitetsveka i 2013 vart lagt til Norddal, i år litt lenger nord til Sandgrovbotnen og innover mot historisk grunn i Mardalsbotnen. Fjorårets maskot Kroksleiven var bytta ut med Vinjar, frå eigen avl. Begge karakterar med meiningar om mangt og mykje. Kan berre seie det med ein gong, dette er eit fantastisk område! Anleggsveien er svært god og kan kjøyrast innover heilt til endes. Det er flusst i muligheter for parkering og telting. Litt trafikk innover men dei fleste såg ut som dei snudde og kom kjappt utigjen. Nokon var der for å lufte bikkjene sine. På toppane møtte vi svært få! Dei neste 4 dagane kan ein lese om her:

Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 2
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 3
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 4
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 5

Dag 1: Kom oss som vanleg seint avgarde. Ca 1200. Planen var 3 toppar på ei rekke på vestsida. Ein del vind, men dette var kjærkome ellers hadde det blitt nesten for mykje varme og sol. Gjekk langs vestsida av Storvatnet og opp Tubotnen. Lett vidare til Fossafjellet. Vidare sørover til Stokkehøgda og Fugleleikhøa. Ein god matpause i skaret mellom Fossafjellet og Stokkehøgda. Mating og bleieskift for den yngste. Fann ingen bøker på desse toppane, og møtte heller ikkje folk. Med på turen var Lise og Vinjar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.