Romedalstraversen (12.07.2014)

Written by Sunbump (Tone Solhaug)

Map
Ascents Høgehornet (1,038m) 12.07.2014
Høgehornet (1,131m) 12.07.2014
Høgehornet N1 (965m) 12.07.2014
Høgehornet N2 (966m) 12.07.2014
Kjerringa (1,132m) 12.07.2014
Sør for Kjerringa (1,043m) 12.07.2014
Nordre Raudfonndalstind (1,024m) 12.07.2014
Søre Raudfonndalstind (1,046m) 12.07.2014
Midtre Raudfonndalstind (1,004m) 12.07.2014
Sveddalstinden (1,040m) 12.07.2014
Årsæterhornet (1,047m) 12.07.2014
Romedalstraversen, ei oppleving eg seint vil gløyme. Her frå toppen av Høgehornet.
Romedalstraversen, ei oppleving eg seint vil gløyme. Her frå toppen av Høgehornet.

Draumen om dette turmålet starta ein sein sommarkveld i 2013. Vi satt å vagla på Åvasstinden, og skua utover den lange fjellrekka som gjekk longs Romedalen i Ørsta. Draumen var klar: å ein gong få kryssa denne tinderekka på longs. For meg var dette ein ganske så høgtsvevande draum, då eg i utganspunktet slit med både rygg og kne. Likevel, litt spontant ein kveld i juli 2014 hadde StigPetter (Stig Petter Driveklepp) og Jonny Kvistad avtalt at "i morgo så prøvar vi." Så då var det berre å pakke sekken og gjer seg klar. :)


Romedalstraversen (også kalla Langedalstraversen) er 7 km lang og består av 10 fjelltoppar.
Vi starta tidleg på morgonen. Sjølv om det var tidleg, varma sola godt allereie. Det første fjellet vi skulle opp på var Årsæterhornet.
Etter litt slakk skogvandring, kom vi opp til eit fint fjellvatn. Her i frå var det ei bratt stiging opp gjennom ei urete fjellside. Eg pusta letta ut då vi nådde toppen av Årsæterhornet, og endeleg fekk utsikt. Vi var no ferdige med den verste "stiginga" på turen.

Vidare vandra vi longs egga bort på Kjerringa, og vidare bortover til Mannen (1133 moh.) Her tok vi i bruk tauet og fikk ei lita taulengd opp. Ned frå Mannen vart det klyvring.

Ei luftig, men brei og fin egg førte oss vidare til Søre Raudfonndalstind. I det fjerne såg vi at været var i forandring og vi høyrde snart tordenskrall i det fjerne. Vi var litt bekymra for om dette vil trekke mot oss, men det gjor det heldigvis ikkje!
Over dei 3 Raudfonntindane var det flott klyvreterreng, til tider noko mose og gras, men så lenge det var tørt var det fint å klyvre der.

Neste stopp var Sveddalstinden; her vart terrenget brattare, og vi måtte rigge til ein rapell for å kome oss ned. Vi skøyta begge halvtaua og fekk dermed ein 60 meters rapell ned longs ryggen mot egga som går vidare mot Høghornet. Dette var ei luftig oppleving. Det var også ein del laus stein i fjellet, så her måtte vi vere ekstra forsiktige.

Då vi kom til starten av Høgehornet eksploderte himmelen i ein fargesprakande solnedgong. Sola forsvant så vidt ned horisonten før den igjen kom til syne med ein like så fantastisk soloppgong. På den eine sida av fjellryggen hadde vi månen som lyste opp for oss, og på den andre sida fekk vi soloppgangen.

Ved Høgehornet rigga vi opp tauet og klatra ei taulengd opp.

Vidare var det relativt enkelt men luftig klyvreterreng bortover til to namnlause toppar (topp 967 og topp 968). Det hadde blitt skymt då vi gjekk denne egga og vi var trøtte og slitne, så her valde vi å gå løpande (innbotne i tau). Då vi hadde vore opp på alle toppane, vandra vi ned til setra i Romedalen der vi hadde ein bil parkert.

Vi brukt omlag 17 timar på turen, og var ikkje heime før halv 6 morgonen etter vi starta. Eit minne for livet. :)

Ei taulengde opp mot Høgehornet i fargesprakande solnedgong.
Ei taulengde opp mot Høgehornet i fargesprakande solnedgong.
Ca. oppteikna rute.
Ca. oppteikna rute.

http://www.instagram.com/Sunbump

User comments

  • -
    avatar

    kremtur!

    Written by kobbenes 07.04.2015 21:22

    Jøss, dette såg ut som ein skikkelig kremtur!

    • -
      avatar

      Sv: kremtur!

      Written by Sunbump 07.04.2015 21:30

      Det var det også! Anbefalar turen på det varmaste for den som likar seg i luftig terreng. :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.