Hovsfjellet (01.07.2014)

Written by hslite (Hans Christian Tenol- Tuxen Lilleøren)

Map
Ascents Hovsfjellet (1,388m) 01.07.2014

Etter ei fantastisk kajakkhelg mellom Flåm og Gudvangen, var det på tide å besøka eit fjell eg har tenkt lenge på. Hovsfjellet reiser seg nærare 1400 m opp av Sognefjorden og er lett å leggja merke til når du køyrer langs nordsida av fjorden mellom Leikanger og Sogndal. Denne giganten som let fjellfoten sin bli vaska av sjølvaste hovudløpet av Sognefjorden ligg som nemnt på sørsida av fjorden og vaktar inngongen til Fresvikbukti mot vest. På nordsida av fjorden ser den utilnærmeleg ut, men det fins tråkk og muligheter for å koma opp på denne flanken av fjellet, langs ein kam som går opp til ca 800 m. Om vinteren går det ofte skreder ned frå fjellet.

Min tur starta frå utløpet av Kolåselvi ved Vigdalen, ca 3,5 km frå Fresvik. Ifylgje kartet skulle det vera ein stig oppover her langs kammen, leita og bala ei stund for å finna stigen, men det var ikkje lett, det gjekk fleire stiar som enda opp i ingenting, og eg enda tilslutt nede i dalføret istadenfor oppå kammen. Starta på nytt igjen og gjekk opp sjølve kammen mot Kolåsen, stigen vart etter kvart meir synleg, og eg vant effektivt nye høgdemetrar. Etter ein time kom eg opp til skoggrensa, ca 900 m, og tok peiling på Steindalsskardet, frå 900 m gjekk det lett på snøfenner(noko som min firbeinte ven Sikander sette pris på) mot skardet og den siste mota til topps(1389). Turen opp gjekk unna på litt over 2 timar. Her oppe var utsynet vidt og mektig over indre delar av Sogn.

Etter ein pause bar det vidare over platået mot Tuftafjellet(1537) over store snøfelt og flatt landskap, dette gjekk lett, reine Autobahn:). Flott utsyn heile vegen, spesielt "min bre", Fresvikbreen tok seg godt ut frå denne vinkelen. Såg etter bogastille og andre fangstminner frå bronsealderen som det skal vera so mykje av i desse fjella, men såg ingen då det fortsatt er ein del snø i fjellet. Fann meg etterkvart ein flott pausestad på kanten mot Helgedalen, mektig utsyn og fantastiske Fresvikfjell omkring.

Mørke toreversskyer tvinga meg heimatt, så returen ned gjekk via Tuftadalen langs snøfenner heilt ned til 850 m og travers bort til kammen igjen frå dei gamle stølstuftene i dalen. Stølen er for lengst lagt ned, truleg rundt 1940, måtte vera eit forferdeleg slit å driva støl her. Sjølve dalføret er dessutan mykje prega av ras, så nokon lett plass er det ikkje.
Det er ikkje prega av mykje trafikk her i området, ingen buskap var det å sjå, kan verka som om området berre blir nytta i samband med hjortejakt no i våre dagar og ein eller annan fjellvandrar. Men for eit fantastisk område, her reiser eg gjerne igjen.

Frå Kolåsryggen mot Tuftafjellet(1537), Tuftadalen framom.
Frå Kolåsryggen mot Tuftafjellet(1537), Tuftadalen framom.

Mot Steindalsskardet, ca 1100 m, Sikander kjølar seg i snøen:)
Mot Steindalsskardet, ca 1100 m, Sikander kjølar seg i snøen:)
Utsyn frå Hovsfjellet mot Sogndal og Haukåsen framom.
Utsyn frå Hovsfjellet mot Sogndal og Haukåsen framom.
Fresvikbreen.
Fresvikbreen.
Frå Tuftafjellet(1537) mot Sognefjorden.
Frå Tuftafjellet(1537) mot Sognefjorden.
Parti frå Tuftadalen.
Parti frå Tuftadalen.
Nedatte Kolåsryggen med fjorden bak.
Nedatte Kolåsryggen med fjorden bak.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.