På veg frå Sandefjord til Oslo (30.06.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Map
Ascents Snippane (399m) 30.06.2014

På veg frå legetime (akilles!) i Sandefjord køyrde eg indre veg, for eg hadde sett meg ut den stuttaste turen av dei to eg manglar i Vestfold. Tok Damtjernvegen frå riksveg 312 mot Hof. Skulle altså ta toppen frå nord. Fann bomveg, og gjekk så raskt eg kunne oppover vegen. Fann etter kvart to skilt der det stod "Snipen". Skar oppover på gamle (gruve?)vegar, og følgde etter kart ein rygg oppover. Slumpa borti ein oransjemerkt stig, og prøvde først å leite etter toppen på nordenden av den venstre av dei to åsane. Blei sett ut då eg kom inn på ein ganske brei veletablert skogsveg, ingenting som stemte med den på kartet. Rota litt rundt for å få terreng og kart til å stemme, men det gjekk ikkje, så til slutt bestemte eg meg for å følgje denne vegen så høgt opp eg kunne, for å få litt overblikk over terrenget. Men der vegen slutta stod kommunetopppostkassa, og bolt i fjellet. Eg blei heilt paff, og måtte sjekke postkassa for å sjå om eg verkeleg var på rett stad. I og med at det stod markert som ein av 14 kommunetoppar i Vestfold, gjekk eg ut ifrå at den blinde høna hadde funne kornet sitt. Heim att dukka det også opp stigar og ein annan skogsbilveg som heller ikkje stod på kartet. Eg brukte ein time opp med ein hel del roting, deretter 45 minutt ned, også med litt småroting. Fekk regn på bilrutene både før og etter turen, men hadde fint vêr så lenge eg var i terrenget. Møtte ein storfugl og ein smågnagar. Hadde elles skogen for meg sjølv.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.