Andre tur i Møre og Romsdal (23.06.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 17min
Distance 9.0km
Map
Ascents Skåla (1,127m) 23.06.2014
Skålaksla (1,076m) 23.06.2014

Andre dag i Molde, og då blei det kommunetoppen. Ikkje veldig varmt og skiftande skydekke, men opplett. Køyrde mot Kleiva og tok av ved Kortgarden opp til Nakken, og så bomveg (20 kr) til der stigen til Skåla starta. Skodda hang nede ved Trollvatnet då vi starta på turen, men den steig oppover ettersom vi gjekk. Vatnet ligg på 502 meter, og det låg blikkstille då vi kom opp, med grønt gjennomsiktig vatn. Vi tok stigen til høgre og det er ein dryg tur, tidvis så bratt at ein må bruke hendene, ganske luftig der ein kjem nær kanten, og i vårt tilfelle gjekk vi inn i skodde og snø på ca 1050 meter. Skodda låg tett på toppen og nysnø frå i går dekte topplatået. Eg er ergerleg for at eg heng bak, dårlegare kondisjon og dårleg fot, kondisjonen heng litt saman med foten, eg har ikkje fått trent slik eg ville pga akillesen. Vi møtte to jenter på toppen som hadde gått opp til venstre for Trollvatnet. Medan vi sat der letta det, og eit vidt utsyn opna seg for oss. Herleg! Massevis av vardar og muringsiver oppå denne toppen. Så gjekk vi altså rundt skålkanten og opp på nordtoppen som heiter Skålaksla. Derifrå og ned var det ganske strevsamt. Mykje ur, og vanskeleg å setje slitne føter. Men vi greidde det utan uhell, kom oss ned til Trollvatnet, og derifrå ned skogen til bilen. Brukte 6 timar og 30 minutt inkludert rast på toppen, dei andre kunne ha gått raskare. Vi målte 9 km. Anne, Eirik og Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.