Etter ein snørik vinter var det fortsatt skiføre over 900 moh i Sirdal- og Lyseheiane. Sykla frå Ådneram i 13-tida på bomvegen opp til Grauthellervatnet og bar med ski opp til demningen. Så stort sett på samanhengande skiføre vestover til Grauthellerheia. Mest snø i nord- og austhellinger. Termometer på baksida av hytta til Luftfartsverket viste 15 gr. Droppa å gå oppom Grauthellerheia vest, men fortsatte vestover gjennom det tronge Fitjaholet og opp til Klumpen og vidare til Lysekammen der eg ankom utpå kvelden.
Retur omtrent same veg, men bar ski og gjekk på stien langs nordsida av Grauthellervatnet på tilbaketuren. 12 t lang tur inkl pauser i tillegg til drøyt 1t sykling opp og ner. Pga sein avmarsj blei det langt utpå natta før eg var nede igjen ved Ådneram. Ein skal jo som kjent ikkje sova burt sumarnatta.
User comments