Vestnes/Haram: Rekdalshesten og Urfjellet (31.05.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Rekdalssetra (200m)
Endpoint Vestrefjorden (30m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 19min
Distance 16.6km
Vertical meters 1,160m
Map
Ascents Byrkjevollhornet (708m) 31.05.2014
Rekdalshesten (782m) 31.05.2014
Storknausen (600m) 31.05.2014
Urfjellet (757m) 31.05.2014

Vi starta på Rekdalssetra litt usikkre på veret. Skodda låg nedpå som dagen før. Eg hadde først vore ein kjapp tur på Snaufjellet medan Lise styra med junior. Frå Rekdalssetra er det merka og god sti oppover lia mot Rekdalshesten. Såg ut som stien svinga mot stupet der det stod ein varde. Dette var vi ikkje interessert i, så gjekk i skodda og leita opp toppunktet. Vidare sørover mot Urfjellet. Her skilde vi lag. Lise og Vinjar returnerte, medan eg gjekk vidare for å plukke eit par pf 50-toppar. Frå Urfjellet gjekk eg vidare sørover og kom inn på ei rute i Skjerdinghalsen. Vidare austover mellom 2 vatn og opp på Storknausen. På returen gjekk eg forbi eit turfølgje på 5 som stod og fiska i frålandsvinden i eit av vatna. Kom aldri i dialog med dei, berre ein høffleg labb i veiret. Tilbake i Skjerdinghalsen tok eg opp høgde til ca 650-700 før eg fulgte ryggen til Byrkjevollhornet. Herifrå bratt ned Hornbotnen og vei ned til Eik ved Vestrefjorden. Ei eldre dame som sjekka postkassa kunne bekrefte at det var voldsomt fint i fjellja, men ho var no ikkje brukande til slikt lenger...deretter kom heile legejournalen. Utruleg kor mykje ein kan få sagt om kor mange plager ein har, på kortast muleg tid, til folk ein aldri har møtt før. Heldigvis kom ein kvit Fiat kassebil rundt neset, redninga!

nr 848, Storknausen 600, Haram/Vestnes. Her med utsikt til Rekdalssetra
nr 848, Storknausen 600, Haram/Vestnes. Her med utsikt til Rekdalssetra
nr 849, Byrkjevollhornet 708, Haram kommune. Utsikt ned til Eik og Vestrefjorden.
nr 849, Byrkjevollhornet 708, Haram kommune. Utsikt ned til Eik og Vestrefjorden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.