Siste skituren i år (01.06.2014)

Written by bakken59 GSM

Duration 6h 00min
Vertical meters 900m
Map
Ascents Husnuten (1,609m) 01.06.2014

Starta ved Flatland på Totakstrondi. Bar støvler og ski i ein time før eg spente på. Innover Skarsnutdalen gjekk eg på store snøflater med noko barmark innimellom. Frå riset ned mot Kvikkevatnet var det samanhengjande snøføre på ein stad nær. Gjekk opp til Kvikkeflottine. Lurte fælt på vegvalet, alt så bratt ut. Men tok sjansen og følgde nokre bratte snørenner opp litt sør i det bratte austhenget. Ikkje optimalt. Blei engstelig for snørennene blei ordentlig bratte. Kom meg inn på tørt berg, men å klatre med ski og stavar var også vrient, og eg heldt på å gå meg fast ein gong. Veldig letta då eg fekk lempa ski og stavar opp på ei hylle og greide å klavre etter, og derifrå var det farbart vidare. Toppen var herleg. Totalt rundskue. Tre stykke hadde skrive seg inn i boka dagen før. Det såg ut som dei hadde kome frå vest, frå Vå. Heilt sikkert beste ruta, for nedfarten var vanskeleg å finne. Aust var alt prøvd, nordover såg ikkje freistande ut, og då blei det sørover. Vrient. Svært bratte parti, av med skia to gonger før eg til slutt fann ein brukande nedfart. Tre timar og førti minutt opp inkludert gåing. To timar og førti ned. Fem ryper og ein rovfugl var dei eg møtte etter at eg i starten hadde snakka med eit ektepar frå Flatland som rydda stigen. Føret var som lim. Temperaturen sommarleg. Herleg sol heile dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.