Haram/Vestnes: Blåskjerdingen og Grøtfjellet (30.05.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vatnedalen (210m)
Endpoint Rekdalssetra (200m)
Characteristic Hillwalk
Distance 15.0km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Blåfjellet (694m) 30.05.2014
Blåskjerdingen (1,069m) 30.05.2014
Søre Blåskjerdingen (1,061m) 30.05.2014
Grøtfjellet (737m) 30.05.2014
Storskjerdingen (616m) 30.05.2014
Tindfjellet (960m) 30.05.2014
Tverrfjellet (664m) 30.05.2014

Skodda låg tjukk nedpå når vi gjekk frå parkeringsplassen i Vatnedalen. Eg bar Vinjar, og god temperatur løyste snart svetten oppover bakkane. Oppe i ura starta sola å bryte igjennom så vi skjønna at dette kunne bli lekkert. Ubegripeleg med etterlatenskaper i løypa. Etter å ha passert det meste av det ein kan tenke seg i ein garderobe, jakke, t-skjorte, caps, vott osv osv kom vi til topps i eit fantastisk ver. Tok sjølvsagt turen til nordre og høgaste toppen, der Vinjar kunne feire sin første kommunetopp (utan at det betyr noko for han sjølvsagt).

Vinjar og eg på kommunetoppen i Haram
Vinjar og eg på kommunetoppen i Haram

På returen tok Lise over bæringa, eg skulle vidare på eit lite prosjekt og så skulle vi møtest på Rekdalssetra. Første pri var Tindfjellet som eg mangla i Sunnmøre 50m. Lett og fint bortover egga til toppen som låg akkurat over skydekket.

nr 847. Tindfjellet 960. Haram kommune
nr 847. Tindfjellet 960. Haram kommune

Etter Tindfjellet gjekk eg austover mot Storskjerdingen, vidare nordover over Tverrfjellet og til Nakkefjellet. Frå siste topp litt vidare nordover før eg skar bratt ned til Rekdalssetra. Ein liten tlf til Lise bekrefta at ho var rett rundt svingen. Vi la oss til for natta, men planar om nye turar herifrå dagen etter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.