Lynghalstinden 2014 (18.05.2014)

Written by Sunbump (Tone Solhaug)

Map
Ascents Lynghalstinden (1,098m) 18.05.2014

Dagen etter dagen (17. mai :) gjekk turen til Lynghalstinden, på Sæbø.
Det var noko heilt spesielt å få starte tindesankingssesongen så tidleg som i mai, men den varme våren hadde smelta vekke snøen på dei spisse taggane. Heilt perfekt for meg som lenge hadde drøymt om fottur-sesongen. StigPetter (Stig Petter Driveklepp) og Trygve var med på turen. :)

Lynghalstidenen blir omtalt som særs luftig, og mange vel å bruke sikring den siste biten opp til toppen. Vi hadde pakka klatreutstyr i sekkane, men dette fekk vi denne dagen ikkje bruk for. Fjellet var tørt og fint å klyvre på. Har ein kontroll på høgda er det ikkje noko problem å klyvre dette partiet utan sikring, men dersom det hadde vore litt sleipare fjell hadde vi nok brukt sikring opp.

Når vi kom på toppen, var det terapi for sjela å sjå seg rundt. Skua utover Hjørundfjorden kan ikkje beskrivast med ord, men eg prøvar med bilde. :)

Verdas vakraste fjord, Hjørundfjorden.
Verdas vakraste fjord, Hjørundfjorden.
Mykje klyvring og luftige parti opp til Lynghalstinden.
Mykje klyvring og luftige parti opp til Lynghalstinden.
Stig signerar i ny toppbbok.
Stig signerar i ny toppbbok.
Over egga, mot varden på Lynghalstiden.
Over egga, mot varden på Lynghalstiden.
Det rauk av turmålet på veg opp... (Heldigvis var det berre ei flystripe.:)
Det rauk av turmålet på veg opp... (Heldigvis var det berre ei flystripe.:)

http://www.instagram.com/Sunbump

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.