Bremanger: Hælen og Hælkollen (10.05.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Lisete (5m)
Endpoint Lisete (5m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 12min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,420m
Map
Ascents Hatlane (132m) 10.05.2014
Hælen (451m) 10.05.2014
Hælkollen (374m) 10.05.2014
Kletten (132m) 10.05.2014

Korleis få 1400 høgdemeter på ein topp som er 456 m høg? Vel her er oppskrifta. Vi kom til Berle fredag kveld og la oss til med bobilen på parkeringa til Hornelen. Eg starta ca 0800, målet for dagen var slett ikkje Hornelen, men Hælen + ein liten kolle ved sida. Det er litt usikkert rundt namna på desse og eg har snakka med fleire. På øk. kart står topp 378 som Hælkollen. Ein eg kjenner i Rugsund brukar namnet Hælen på høgste toppen 456. Hælen og Hælkollen høyrest fornuftig ut, men anna info blir tatt imot med interesse.

Det er merka til Hornelen og lett å finne ruta. Gjekk ca 5,5 km på merka sti før eg tok bratt ned langs ei elv sørover. Terrenget kan betegnast som tidkrevande, kronglete bukkemark men ikkje vanskeleg. Frå skaret nord for Hælen bratt opp til toppen. Spennande vidare mot den lavaste toppen, Hælkollen. Gjekk rett mot denne og ante lite om kva som venta. Det resulterte i spennande vegval ned hamrar og hyller. Vel oppe på Hælkollen såg eg at mykje av klyvinga kunne vore omgått med å gå lenger austover før ein tok ned høgde mot skaret. Det frista ikkje med retur same vegen, så eg gjekk vestover og runda Hælen ca i høgde 350 moh. Krongla meg opp langs elva Ølkona. Det såg enklare ut å gå opp på austsida av denne, så prøvde det eit stykke før eg kryssa over og la meg inn på sporet på GPS-klokka eg hadde fått låne av Lise. Utmarsj langs sti, møtte folk som skulle på Hornelen. Gjekk ryggen heilt til ende og plukka Hatlane og Kletten, den siste ligg i Nordfjord 50m-lista. Flott og spennande tur til ein av dei minst besøkte pf 100 i Nordfjord. Vidare til neste prosjekt, Hælkinna og Skateheia. Der møtte vi Janne som kom frå Jølster for å bli med på turar i Bremanger.

I etterkant var det eit artig program på TV2, Fly med oss. Nordover frå Florø flaug dei rett over Hælen og mot Hornelen der det var basehopp.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by boven 23.05.2014 22:43

    1100/314 vs 1420/456...det spørst korleis ein reknar.

  • -
    avatar

    Høydemeter

    Written by arntfla 23.05.2014 22:23

    Der slo du meg jaggu. Inntil nå kunne jeg stolt se tilbake på 1100 høydemeter for Verafjellet (314m) på Osterøy.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.