To småtoppar i høge hælar (02.06.2013)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Holtekjæråsen Sydtoppen (50m) 02.06.2013
Vetan (100m) 02.06.2013

Eigenleg gåforbod - men ikkje med høge hælar, så i høge skolettar fekk eg med meg desse to - sidan eg likevel var på besøk på Nøtterøy for første gong. Vakkert! Køyrde heilt til topps på Vetan. Frigitt av Militæret, men likevel låst. Ikkje så smidig som eg burde ha vore under gjerdet. Fint utsyn! Holtekjæråsen og fuglekassepunktet fann vi greitt, sjølv om vi gjekk opp for langt sud. Ein bør parkere ved busslomma ved Grimestad og gå tvers over vegen og opp til sti som går rett bak den vakre plenen i glenna mot nord. Vi stabla nokre steinar opp rundt triggpunktet for neste toppjeger. Marit, Anne og Nina var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.