Lang tur med flotte opplevingar (18.07.2012)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Førheinutane (1,049m) 18.07.2012
Sveinsheii (1,141m) 18.07.2012

Køyrde tysdag ettermiddag frå Seljord, ferga over Fjonesund, litt proviantering i landhandelen på Fjone og sjekka dessutan ut dei ni fine gravhaugane der, så bomvegen inn til Hægefjell. Fullt av bilar og minst fire nasjonalitetar - som vel alle dreiv og klatra. Vi tok på tunge sekkar og sykla (etter tips frå Ole Petter) inn til Grimvatn, der vi slo opp telt og åt middag ved stranda. Klokka 2000 blei knotten for ille, og vi trekte inn i det ganske trange tomannsteltet - med hund! Sudoku redda det som var att av kvelden. etter frukost starta vi med heilt blå himmel og lett oppakning klokka 0915. I myrane mellom bekken frå Fallsli og svaberga høgare oppe gjekk vi på ein elg. Svaberga gjekk fint, og vi kom greitt opp i 900-1000 meter og følgde høgdedraget bort til dei to små bekkedalane som vi kryssa. Som Ole Petter klatra vi rett opp ei lyngrenne for å kome opp på Sveinsheiplatået etter siste bekkedal, der trefte vi på ein stor hoggorm (ca 1000moh). Meir interessant var dei to store reinsbukkane vi møtte oppe på platået. Hunden fôr etter, men dei flaug frå han utan problem, snakk om tilpassa løpesett! På dette tidspunktet var det skya over, men vi hadde ikkje vind, og rasten ved varden var heilt OK, sjølv om dagen ikkje var varm. Sørover gjekk vi over skardet rett sør for den vesle pytten som låg lengst mot vest. Der var det stig og mykje lettare enn klatreturen vi hadde gått opp. - Og nedi stigen møtte vi endå ein reinsbukk! Det vi nok no burde ha gjort, men ikkje gjorde fordi Veådal-kartet ikkje dekte det terrenget, var å halde mot vest og gå sørover vest for Raudhella. I staden gjekk vi same vegen tilbake, heldt høgda, og gjekk så over skardet vest for Grimdalsnuten. Derifrå såg vi Valavasselvi og ei lysande ny bru nedom oss. Langt nedom dessverre... Og Førheinutane såg bratte ut på andre sida. No ja, vi gjekk ned skardet, fann den nye stokkebrua, og heldt rett mot fjellet. Heldigvis fann vi ein smal stig slik at vi kom rett oppunder Løfjell og gjekk så til venstre (aust). Her svinga vi rundt den stupbratte Løfjellsnuten og over riset ned til Øyvatnet. Greitt derifrå opp til toppen. Og rett under toppen endå ein reinsbukk! Tre magiske møte på ein og same turen...Vi orienterte oss ved å gå litt rundt oppå platået, og skjønte vel då at vi burde ha gått vest for det nifst blankbratte Raudhelle og ikkje aust som vi hadde gjort. Turen opp til Førheitoppen hadde også blitt lettare. Heimvegen var nok heller ikkje optimal, for vi gjekk ned same vegen, kryssa brua og gjekk sørsida av elva nedover. Fann etter litt plunder den stigen som står merkt av på kartet, og følgde denne ned til Grimdalsåi. Så tilbake vegen til teltet. Vi hadde då brukt 11 timar på turen, og var dyktig slitne og sårbeinte. Og rundt teltet stod lufta tjukk av knott. Generalavgjerda var tatt, litt føde, så lynrask nedpakking av telt, sykling til bilen og raskaste vegen heim til hytta. Sidan Fjoneferga ikkje går etter 2200, var raskaste vegen om Treungen og så nordetter. Sukk...Lang dag blei det - avslutta med bad i tjønni ved hytta klokka 0100 - i regn - for å bli kvitt sveitte og knottkløe! Tom og Uncas var med. Andre menneske møtte vi ikkje.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.