Nydeleg septemberdag (30.09.2012)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Store Valefjell (329m) 30.09.2012

Etter 80-årsdag på Stathelle hadde eg sundagen til tur. Valet stod mellom Kragerø eller Siljan. Kragerø var eit fint val. Køyrde til Kurdøla (der eg hadde ein forfar på 1700-talet - moro å sjå plassen for første gong). Sykla til Hyttetjenn. Gjekk så til Store Vålevann langs raudmerkt stig. Gjekk langs nordsida av vatnet og klatra den bratte grankledde fjellsida opp til Valefjell - som det står på kartet. Lurar litt på etymologien, Vålevann og Valefjell burde ha noko med kvarandre å gjere: varde, vord, vali (falk) eller vål (kvål)? Møtte ein lokalkjend kar på toppen, han peikte ut ein alternativ nedtur. følgde veldig fin stig til Lille Vålevann, så langs utløpsbekken til myrene der, og nordover att via Gunnarsmyr til Store Vålevann att. Raudmerkt for ein del. Ved tjørna Skarpenæring står det ei artig bu bygd av kvåv. Masse namn på tak og innerveggar. eldste eg fann var frå 1941, og til mi store overrasking namnet på ein kollega i Oslo!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.