Draumedag på draumetopp (02.06.2012)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Napuren (1,284m) 02.06.2012

Litt på impuls køyrde eg frå hytta til Skafsåheii laurda kl 1200. Nesten to timar, men Telemark var på sitt vakraste, så det var heilt greitt. Køyrde forbi Hallbjønnsekken, og parkerte på ein p-plass til venstre ved elva før eg kom til det lange smale vatnet. Har gløymt namnet. Møtte to som slepte ut sauene sine på beite for sommaren. Hyggjeleg folk, og dei instruerte meg greitt: følg vegen/stigen opp til kraftlinja, så stigen til den vesle trappa der det ligg ei hytte til venstre, til høgre viser eit lite skilt til Kuskardet. Hald til høgre for fossen oppover og gå inn dalen og ta fatt på klatringa opp til venstre FØR du kjem til det litt større vatnet. Det ligg eit lite vatn meg ein gong ein kjem opp skardet, men ein held opp til venstre ETTER det. Ganske mykje snø på veg opp skardet, litt ekkelt akkurat i overgangen frå snø til sva, for fonnene var underminert. Stigen oppover skardet var enno ofte skjult av snø. Innover heldt eg il høgre for elva og vatnet og kryssa elva over der eg skulle byrje å klatre, men tilbake gjekk eg på andre sida av vatnet, på snø, og kryssa elva akkurat der den rutsja utfor svaberga. Trefte godt på stig oppover, og kom greitt opp på ryggen eit stykke aust for toppen. Følgde så ryggen mot toppen forbi vatnet der isen enno låg, og rett opp til toppen. Møtte faktisk to folk på veg ned. Klar sol og litt vind, og fantastisk fint utsyn. Låg og kosa meg vest for varden der det var le. Nedatt var det vakkert ettermiddags- kveldslys. Køyrde frå parkeringsplassen klokka 1800 og tilbake inn hjartet av Vest-Telemark. Må seie at Aust-Agder såg freistande ut frå toppen - gler meg til å stikke hol på det fylket etter kvart.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.