Tre toppar på strak arm (28.08.2011)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Sørvest for Bollerudåsen (178m) 28.08.2011
Tømmerås (313m) 28.08.2011
Vardåsen i Enebakk (374m) 28.08.2011

Kari og eg tok Enebakk, Ski og Ås på ein hyggjeleg sundag i august. Vi skulkle ha vore i Rondane, men avlyste pga dårleg værmelding. Været i Frogn var overraskande bra. I Enebakk køyrde vi til Veng, og blei bedne om å parkere i vegkanten nede ved bekken. Det var sauesanking i området. Vi følgde så traktorvegen som stikk inn mot venstre nedafor låven, og følgde etterkvart dårleg traktorveg nesten heilt opp. Sjølve toppen var litt inngrodd, men det var fint ute på berget med utsyn mot vest. Andre toppen på denne sundagsturen var Tømmerås. Parkerte ved Krokhol, og gjekk stigen opp via Paddetjern. Veldig vått i terrenget. Gjekk difor nordover og meir veg heim. Dårleg værmelding, men veldig fint vær på toppen. Supre raste- og bålplassar. Noko vind - men ikkje kaldt. Dei to første toppane var fine nok - og i mykje betre vær enn var meldt. men Bollerudåsen var ingen høydare. Den styggaste, men lettaste hittil. Kari var med - og var vertinne i heimekommunen. Lett beskjemma.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.