Toppsoping i Prøysens og Bergtatts rike (01.05.2014)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Characteristic Hike
Duration 4h 40min
Distance 8.0km
Vertical meters 230m
GPS
Ascents Bangsberget (486m) 01.05.2014
Leinetoppen (339m) 01.05.2014
Saukampen (329m) 01.05.2014
Solbergåsen (445m) 01.05.2014
Trostberget (386m) 01.05.2014

Her var det enkelt å få med seg ein del toppar på nokre timar.

GPS-spora ser litt rare ut, men dei lange rette linjene indikerer berre der GPS-en var stilt inn på pause (i samband med køyring).

Leinetoppen: blanding av dårleg sti og traktorveg. 5 minutt til topps frå utgangspunket (sjå GPS-spor).

Saukampen: 20 minutt å gå langs traktorveg, gjennom skog med litt for tett planta tre, bratt terreng (nesten klatreterreng!). GPS-sporet på nedoverturen mest å foretrekke.

Solbergåsen: 30 minutt til toppen. Eg gjekk ikkje langs traktorveg og sti heile vegen pga snø, men elles så er nok dette å anbefale. Naturmessig sett var dette dagens finaste tur (bortsett frå kongeutsikta frå Liberget).

Liberget: 15 minutt til toppen langs grusveg. Turen opp litt kjedeleg. På toppen vart eg tipsa om flott utsikt dersom eg gjekk nedover eit par hundre meter. Og det var ikkje løgn, utsikta var formidabel mot Mjøsa, Brumunddal, Hamar, Skreiberga, Stange m.m.

Trostberget: 5 minutt til topps gjennom til dels tett blandingsskog.

Dei toppane som kvalifiserer mest til gjentaking, er Solbergåsen og Liberget.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.