Andre dag på toppturhelg i Aust-Agder (23.09.2012)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Espehaugen (243m) 23.09.2012
Hovdefjell (525m) 23.09.2012
Solhomfjell (659m) 23.09.2012
Punkt øst for Solhomfjell (588m) 23.09.2012

Lang hotellfrukost i Risør medan vi venta på at det skulle slutte å regne. Så køyrde vi til Moland, der vi kom i snakk med eigaren. Entusiastisk restaurerar av gamle hus! Det ende med at vi etter turen fekk omvisning i eldhuset frå 1600-talet og hovudhuset frå 1700-talet. Herleg med slike folk! Fin gamal sti opp til Espehaugen, men vi bomma på den gamle stigen opp til den nedfalne husmannsplassen der oppe. Ta til høgre når de kjem til ein stad der det er sprengt litt berg og jamna ut litt. Bak der går fin gamal veg. Neste stopp var Hovdefjell i Vegårshei. Hadde grudd oss litt til sykkelturen opp. Eirik hadde ikkje fot i bakken, men Tom hadde punktert, så han fekk ekstra trim med småjogging både opp og ned. Slitsamt, eg måtte av sykkelen fleire gonger. Eit par regndråper i lufta på toppen. Så rosina i pølsa: Solhomfjell. Starta kl 1700, var nede att kl 2000 i måneskinn og nesten mørkt. Vi gjekk raskt opp til Maristjenn, og fann varden i fjellsida. Måtte få med oss sjølve toppen og tårnet og boka og det heile. Det tok oss vel nesten ein time til. Utruleg flott terreng! Herleg med haustfargar og stille vêr, men dessverre fekk vi ikkje klarver før etter at sola var gått ned. Men halvmånen fekk vi full glede av på veg ned. Hadde vore herleg å kome tilbake hit ein varm sommerdag med bad i Maristjenn eller ein fin skidag. Vi gjekk over Marishei ned att. Tom, Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.