Andre i Vesterålen (31.08.2013)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Møysalen (1,263m) 31.08.2013

Overnatta i leigd hus på Hennes. Møtte på brygga i Kaljord saman med sju andre som var meldt på turen. Båttur inn Lonkanfjorden. Havet som ein spegel, og ikkje ei sky på himmelen. Eventyrleg vakkert! Følgde guiden inn dalen og opp til avsatsen på 500 moh. Niste der. Så opp til elva der vi fylte flaskene. Litt spennande opp frå skardet der det heldigvis er lagt ut kjettingar. Over breen gjekk vi i tau, litt stor glippe mellom berg og bre. Greitt frå breen og opp. Utruleg utsyn! Måtte kle kraftig på oss, for sjølv om vi hadde gått i t-skjorte opp, var det mykje kaldare på toppen, og det skya til litt. Grei nedtur. 5,5 time opp og 4,5 time ned, inkludert mange pauser. 17,5 km og vel ca. 1500 hm. Anne, Eirik, Hallvard, Henriette og Tom var med. Ein av dei aller flottaste så langt!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.