Flott topp - men vanvittig med insekt! (17.07.2011)

Written by bakken59 GSM

Map
Ascents Heimdalhaugen (1,159m) 17.07.2011

Heimdalhaugen var uventa bonus på veg sørover frå Helgeland. Med Espen som kjentmann køyrde vi 15.7.2011 frå Namsos til Harran og vidare til Solemsmoen. Der gjekk vi dei lange myrane austover i etasjar oppover før vi runda over høgda og gjekk nordaustover til vi møtte bekken i skardet, derifrå rett mot toppen og opp på dei grøne grasstrekka nord for bekken. Berre ei lita snøfonn å gå over, og vi greidde stort sett å unngå svaberga. Toppen var flott i godværet. MEN: eg har aldri gått i så store svermar av klegg, brems og blindingar: Lærde meg samnemninga på desse blodsugarane: "åt". Kvar gong vi stansa var dei overalt, og medan ein gjekk var dei der ein og ein heile tida. Ikkje før vi byrja å klatre, letta det pga lett vind. Heimover var det litt betre, men ikkje bra. Fekk allergisk reaksjon om natta - så dette var ein topp som kosta dyrt. Gps viste dryge 17 km, og høgdemeter 1030.
Anne, Eirik, Espen og Hanna var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.