I gang med Gausdal! (24.04.2014)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Solbjør (621m)
Endpoint Vest for Hovdekollen (757m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 34min
Distance 10.9km
Vertical meters 350m
GPS
Ascents Hovdekollen (824m) 24.04.2014
Muribrekkehøgda (802m) 24.04.2014
Trettehøgda (836m) 24.04.2014

Då er eg litt meir systematisk i gang med toppsamling i Gausdal etter noko meir sporadisk samling tidlegare.

Starta skituren ved Solbjør og gjekk opp til Muribrekkhøgda gjennom skog, hogstfelt og over myr til eit ganske fint topplatå på Muribrekkhøgda med noko utsikt mot Skeikampen og Bjørga i nord.

Rente deretter ned i Muribrekkdalen og gjekk så opp til Trettehøgda. Fin utsikt mot Skeikampen og Bjørga litt nord for toppen, medan sjølve topplatået låg litt gøymt i skog.

Deretter var det nedrenn til Solbjør. Køyrde deretter oppover mot Hovdekollen for å sjå om det var mulig å køyre langt nok opp til at eg rakk å gå på Hovdekollen før eg måtte vende nasa heim. Dette gjekk an, og eg fekk ein fin og liten topptur til Hovdekollen. Utsikt mot Raudsjøen, Skeikampen og Bjørga på tur oppover. Rente deretter nedover.

Ikkje ein spektakulær topptur, men ein artig tur i fin påskesol og god snø, over myr, mellom høge trestammar og over haugar av nedrast snø frå trea.

Framleis mykje snø med 1-2 meter i terrenget. Svært mange bøygde og knekte trestammar indikerer at dette har vore ein hard og snørik vinter for ein del av vegetasjonen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.