Graveskarnosi (20.04.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Tyinosen (1,080m)
Endpoint Tyinosen (1,080m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 00min
Distance 11.2km
Vertical meters 558m
GPS
Ascents Graveskarnosi (1,532m) 20.04.2014

Graveskarnosi (1532 moh) er eit fint turmål kring påsketider eller gjerne før på vinteren dersom snøtilhøve og ver gjer det mogeleg.
Me starta turen vår ved Jotnevåken på Tyinosen (ca 1080 moh) og tok rett nordover opp bakkane bak hyttene.
Her fylgde me den naturlege og godt synlege renna i terrenget som førde oss vestover og oppover.
Me runda litt til høgre ved omlag 1300 meters høgd, opp til eit naturleg søkk i terrenget under Buvassnosi.
Her, på 1400 meter, var det greitt med ein liten stopp med ein kaffikopp og nistemat, etter som me no hadde teke den tyngste delen av turen.
På flatt terreng gjekk me vidare vestover under høgde 1520, som i seg sjølv er eit fint turmål.
Så opp eit lite "strype" før me runda til venstre, sør-vestover ut mot høgaste punktet og varden på Graveskarnosi.

Ein må ta seg tid til å nyta utsikta på slike flotte toppunkt. Inntrykka skal sugast inn i både sinnet og i fotoapparatet, og likt andre toppunkt i Vest-Jotunheimen er ikkje Graveskarnosi noko unnatak.

Skarpt føre gjorde det naudsynt med ein del sikk-sakk-køyring på returen. Det er viktig å koma heilskinna heimatt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.