På ski i Vestfjellet (19.04.2014)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Snuens fortopp (1,111m) 19.04.2014

Avreise frå Gausdal ti på åtte. Klare ved Værskei nærare halv ni. Planen i dag var å gå dei 15 kilometrane på ski til Rokvamssætra for å besøke Rokvamsfolket. Hard skare gjorde turen inn leikande lett, i grunn. Eg gjekk med fjellski, Åsmund med langrennski. Etter to timar var me framme etter ein strålande start på dagen. Sol frå blå himmel og vindstille. Resten av dagen gjekk til kaffe i solveggen, tur til Vesle-Snuen med påfylgjande nedkøyring (herleg slusjføre), hopp abnormal bakke, grilling og prat. Klokka fem byrja me tenkje på heimvegen og la i veg. Føret var no rimeleg blautt og trått, men etter to og ein halv time var me på plass ved bilen, samde om at me sanneleg er heldige. Heime venta mor sine fantastiske tre retter. Takk for ein fantastisk påskeskitur i påskesol på påskefjellet!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.