Hyllestad: Bøheia og Klettåsen (06.04.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hike
Vertical meters 350m
Map
Ascents Bøheia (350m) 06.04.2014
Klettåsen (183m) 06.04.2014
Fint toppunkt på Bøheia. Lett trimpost frå Ytre Bø.
Fint toppunkt på Bøheia. Lett trimpost frå Ytre Bø.

Vi kom til Leirvik laurdag kveld på veg heim frå Solund. Var først oppom Rysjedal og spurde oss fram om rute til Bøheia derifrå. Gardskona sa at der ikkje var godt å gå, sjølv om det er teikna inn skogsveg og sti heilt til vatnet under Bøheia. Ho anbefalte derfor å gå frå boligfeltet på Ytre Bø. Parkerte einsam på stor parkeringsplass ved merka stistart. Gjekk til nærmaste hus for å forhøyre meg om ein bobil kunne stå der over natta. Dama som snakka tysk drog meg i jakka og ville ha meg inn i ei grillstove der det tydelegvis var storfest på gang. Eg gjorde meg forstått på tysk. Etter ei stund kom Peter. Eg forklarte ærendet. Helga und Peter var imøtekomande og hjelpsame og alt var berre velstand.

Søndag føremiddag gjekk eg først til Bøheia. Merka sti og lett å finne fram. Lise tok over stafettpinnen etterpå medan eg skifta bleie og drakk kaffi. Begge brukte vi rundt 50 minutt tur/retur. Lett fin trimtopp som kan anbefalast.

Siste topp på dette Sogneraidet vart enklaste topp i Hyllestad, Klettåsen. Kjøyrde mot gardstuna, møtte folk som sa vi kunne parkere ved første løa. Hadde lest Knut Sverre sin rapport frå denne toppen så det var lett å finne fram. Vinjar og Lise var med på denne enorme bestigninga.

Konklusjon bobil, baby og toppsamling: Dette fungerer meget bra. Litt evaluering og finpuss til neste prosjekt, påskeferie.

User comments

  • -
    avatar

    Kryptisk!

    Written by knutsverre 06.04.2014 19:58

    Kommer det noen forklaring??

    • -
      avatar

      Sv: Kryptisk!

      Written by boven 06.04.2014 20:41

      Jepps, skal legge inn eit par bilder og etter kvart. Ho eine kona vi snakka med oppunder Klettåsen var klar over at det ligg info om denne ute på internett!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.