Impulstur til Selje!! dag 2 (01.03.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Distance 22.6km
Vertical meters 2,392m
Map
Ascents Kjerringa (497m) 01.03.2014
Kvamfjellet (774m) 01.03.2014
Rivjehornet (426m) 01.03.2014
Varaldsfoten (397m) 01.03.2014
Varden i Selje (418m) 01.03.2014
Vågsvarden (393m) 01.03.2014

Våkna tidleg lørdagsmorgen av havdønningar frå Hoddevika, berre å komme seg opp og leite fram primusen. Å kunne nyte ny trekt kaffi og havregrynsgraut til frukost med eit sånt havskue! Om litt kjølig morgen (men berre friskt) 1 Mars det er det ingen ting å seie på :) Berre Hærleg!

Hoddevika Ytre Stadland Havet har røska opp mengder med Stortare (viktig for medisin og matvareproduksjon)
Hoddevika Ytre Stadland Havet har røska opp mengder med Stortare (viktig for medisin og matvareproduksjon)
Hoddevika Ytre Stadland ingen surferar idag!
Hoddevika Ytre Stadland ingen surferar idag!
Hoddevika Ytre Stadland
Hoddevika Ytre Stadland

Kl 08.30 var eg klar for Varden og Kjerringa (Vestkapp) parkerte nede ved veiskifte som går opp til Vestkapp platået, merka skilt vinterstengt veg!
Frå Varden418 moh mot Kjerringa 497 moh (Vestkapp)
Frå Varden418 moh mot Kjerringa 497 moh (Vestkapp)
Frå Varden 418 moh mot Kyrnosa og Dalskarhornet
Frå Varden 418 moh mot Kyrnosa og Dalskarhornet
Frå Varden 418 moh (Vestkapp) mot Hoddevika som ligg nett nedforbi
Frå Varden 418 moh (Vestkapp) mot Hoddevika som ligg nett nedforbi
Tur 1. Varden 418 moh og Kjerringa 497 moh Starth. 157 moh 7,4 km Totalstigning 422 m Tid t/r 1 t

Frå Vågsvarden 391 moh mot Kjerringa og Varden. Starta frå Årvik og Stølsmyra. Ingen markert sti her, myr og høg lyng å trakke i oppover.. Toppen var ein artig steinhaug/røys midt på platårygg, derfor gledeleg å kunne trakke litt i steinrøysa som avveksling frå no "blaut" sygande myr og høg lyng!!! Lyngbrenning for kulturlandskap og beite ut i desse områda er eigentleg genialt, så lenge det går bra!

Tur 2. Vågsvarden 391 moh Starth. 37 moh 2,3 km Totalstigning 368 m Tid t/r 45 min

Frå Varaldsfoten 397 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh og mot neste flotte turmål Revjehornet 426 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh og mot neste flotte turmål Revjehornet 426 moh
Frå Varaldsfoten 397 moh og mot Kjerringa (Vestkapp) Ein flott vegstubb midt oppi lia.. Utruleg å sjå kor dei har slite og kara på før i tida!!
Frå Varaldsfoten 397 moh og mot Kjerringa (Vestkapp) Ein flott vegstubb midt oppi lia.. Utruleg å sjå kor dei har slite og kara på før i tida!!

Køyrde vidare frå Årvik og ut mot Honningsvågen Ytre for å nå Varaldsfoten 397 moh den ligg merka som sti på gps Men ikkje heilt enkel å finne utgangspunkt til allikavel!! Mykje piggtrådgjerde i starten men når ein er komt unna den, så ingen sak! Berre då å følge gule pinnemerkinger oppover lia. Ein kjempefin topp å gå, mykje havørn å sjå på turen.

Tur 3 Varaldsfoten 397 moh Starthøgde 24 moh Totalstigning 405 m 3,6 km Tid t/r 1 time

Revjehornet 426 moh litt av ein klippe mot Vest
Revjehornet 426 moh litt av ein klippe mot Vest
Revjehornet 426 moh Nydeleg skue ut mot storhavet og nesten vindstille dag
Revjehornet 426 moh Nydeleg skue ut mot storhavet og nesten vindstille dag
Revjehornet 426 moh
Revjehornet 426 moh

Køyrde tilbake til Leikanger og tok av til Borgundvåg og nesten til ende ved Borgund. Ca 4 km Nordvest for Leikanger. Revjehornet ligg på Nordsida av Stadhalvøya mot grensa til Møre og Romsdal. Ein godt merka pinnesti oppover, det var lyngbrendt så veldig lettgått! Ein kjempeflott og markant synleg topp frå mange stader. Utsikt innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og Vest mot Stadhavet. Tok tid til ei god matpause her i solvarmen, fint å nyte stilla og utsikta! ingen folk å sjå på tur..

Tur 4 Revjehornet 426 moh Starthøgde 31 moh Totalstigning 421 m 3,1 km Tid t/r 1 time

Kvamfjellet 774 moh Flotte markante Hornelen i Bremanger i bakgrunn
Kvamfjellet 774 moh Flotte markante Hornelen i Bremanger i bakgrunn
Kvamfjellet 774 moh Høgste fjell i Selje
Kvamfjellet 774 moh Høgste fjell i Selje
Flotte Kvernhus ved parkeringa til Kvamfjellet 774 moh
Flotte Kvernhus ved parkeringa til Kvamfjellet 774 moh

Siste fjell for dagen måtte bli Seljes Kommune topp Kvamfjellet 774 moh :) Køyrde innover Moldefjorden forbi Eide og til Berstad, fin parkering her og godt merka sti. Kvamfjellet blir også kalla Høgehornet som stien er merka med, og ein kan vere oppmerksom på tek til høgre etter eit lite stykke oppi bakkane! Gjekk til fots heilt opp, berre litt skare snø på sjølve toppen.

Tur 5 Kvamfjellet 774 moh Starthøgde 18 moh Totalstigning 776 m 6,2 km Tid t/r 1,40 t

Nok ein Hærleg turdag :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.