Jebel Toubkal & fjelltur i Atlasfjella (05.11.2013)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Imlil (1,700m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 00min
Distance 36.4km
Vertical meters 2,533m
Map
Ascents Jebel Toubkal (4,167m) 05.11.2013
Jebel Toubkal Southwest (4,030m) 05.11.2013

Hærleg glede å kunne sette seg på flyet frå Oslo og vekk ei veke frå særdeles skiftande og surt Vestlandsver!! Ein fin vri på denne turen var å bu i kystbyen Agadir. Fint å kombinere strand og fjell, også fine surfemuligheter her. Vi tok rutebuss til Marrakesh frå Agadir ca 2,5 timer (selskap CDM) Her svarer det seg å kjøpe bill dagen før, det blir fort fulle busser. Hugs også å få med merking av bagasjen som skal med ;) Kom til Marrakech kl 12.30 og skulle då prøve å få ei drosje til fjell landsbyen Imlil, som er utgangspunktet til Jebel Toubkal. Rikeleg med drosjer er der, men det innebærer pruting....Å prute på drosje i Marrakech, krevjast Stål psyke og kanskje eit snev av naturtalent!!....:) Vi betalte 700 Dirham, ikkje det store kuppet men heilt OK Billegare enn heime uansett! Vi kom til Imlil kl 15.00 og var overbegeistra for endeleg å komme igang med sjølve fjell turen. Imlil er ein utruleg idyllisk liten fjell landsby og har eit trivelegare folkefær.. Marrakech bærer eit sterkt turistpreg, og ein har ikkje samme freden pga pruting og salg. Det var ganske flott å nyte dei utruleg vakre haustfargane som vi var så heldig å få oppleve, vi var der tidsmessig så på grensa til at det kunne ha vore mykje snø. Imlil er og eit flott utgangspunkt til Topp turar på ski. Vi starta å gå frå Imlil litt over kl 15.00 og kom opp til fjellhytta Mouflons 3200 moh etter 3,5 timer, siste 1/2 t med hodelykt. Fint å sove på fjellhytta ein skulle berre hatt ei ekstra overnatting, for her var så mange andre fine topper å nå! God tid om morgonen til å ete ein skikkeleg frukost og nyte mange kopper av den spesielt gode lokale fjell teen! Vi brukte 2,20 timer til toppen frå fjellhytta. Tok ekstra god tid her til mat, foto shot og nyte ei fantastisk utsikt også mot Sahara ørken. På returen plukka vi med Toubkal Southwest 4030 moh Vel nede att til Imlil, overnatta vi på "Soleil Imlil" (anbefaler) Leigebil tilbake med Lars, Johan og Andreas til Agadir og feiring av ein Super velykka fjell opplevelse :)

Hærleg og vindstille på Toppen Jebel Toubkal 4167 moh
Hærleg og vindstille på Toppen Jebel Toubkal 4167 moh
Frå Toubkal Southwest 4030 moh mot Jebel Toubkal 4167 moh
Frå Toubkal Southwest 4030 moh mot Jebel Toubkal 4167 moh
Frå Jebel Toubkal 4167 moh  Ser nesten ut som den Norske fjellheimen :)
Frå Jebel Toubkal 4167 moh Ser nesten ut som den Norske fjellheimen :)
Hærleg skue frå Toppen Jebel Toubkal 4167 moh
Hærleg skue frå Toppen Jebel Toubkal 4167 moh
Flott dal på veg mot fjell byen Imlil
Flott dal på veg mot fjell byen Imlil
Gatene i fjell byen Imlil Fjellfolk i frå alle nasjoner
Gatene i fjell byen Imlil Fjellfolk i frå alle nasjoner
Idylliske og fredelege Imlil
Idylliske og fredelege Imlil
Vakre Haustfargar i den karrige naturen
Vakre Haustfargar i den karrige naturen
Syklistar med freidig mot, tøfft gjort! Mål var å komme til fjellhytta, ingen topp bestigning med sykler..
Syklistar med freidig mot, tøfft gjort! Mål var å komme til fjellhytta, ingen topp bestigning med sykler..
Fjellhytta Mouflons
Fjellhytta Mouflons
Om vi hadde hatt ekstra tid, hadde vi nok fått med denne og som såg så flott ut :)
Om vi hadde hatt ekstra tid, hadde vi nok fått med denne og som såg så flott ut :)
På Toppen med Lars, Andreas og Soufiane
På Toppen med Lars, Andreas og Soufiane
Lars, Andreas, Johan og Soufiane litt tid til foto shot må til!!
Lars, Andreas, Johan og Soufiane litt tid til foto shot må til!!
Ompakking må til!! Buss stasjonen i Agadir, turen går til Marrakech
Ompakking må til!! Buss stasjonen i Agadir, turen går til Marrakech
Time Out !!
Time Out !!
Lokale drosjer..
Lokale drosjer..
Fine surfe muligheter i Agadir
Fine surfe muligheter i Agadir
luftig dyretransport..
luftig dyretransport..
Imlil
Imlil
Lokale Helter!! :)
Lokale Helter!! :)

User comments

  • -
    avatar

    Dyetransport 1. klasse.

    Written by boven 23.02.2014 14:59

    Nokre legendariske bilder her, men den dyretransporten tar kaka!

    • -
      avatar

      Sv: Dyetransport 1. klasse.

      Written by Eikås 23.02.2014 18:58

      Ja, litt ymse å sjå :) Det var heller ingen snigle fart på skyssen... Så eigentleg godt gjort, at det var så pass mange dyr oppi der.. :) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.