Askvoll/Gaular: 5 x pf 100 (01.02.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Nedre Laukelandsstølen (220m)
Endpoint Massbu (380m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 00min
Distance 26.0km
Vertical meters 2,050m
Map
Ascents Blåegga (832m) 01.02.2014
Botnafjellet (677m) 01.02.2014
Eitrenipa (856m) 01.02.2014
Høgefjellet (689m) 01.02.2014
Nordre Kringla (780m) 01.02.2014
Søre Kringla (801m) 01.02.2014
Kringlefjellet (783m) 01.02.2014
Synste Stauren (1,107m) 01.02.2014
Visits of other PBEs Massbu (371m) 01.02.2014
Frå Massbu mot Søre og Nordre Kringla. Utedoen midt i bildet.
Frå Massbu mot Søre og Nordre Kringla. Utedoen midt i bildet.

Meldingane for laurdagen var bra, med ein del vind. Søndagen ikkje så bra. Vi satsa likavel på ei god helg rundt Massbu. Kjøyrde frå Laukeland mot støylane og parkerte der stien er merka til Massbu. Pakka med oss sovepose og mat til overnatting. Ca ein km gåing i lett terreng innover til hytta. Etter inspeksjon og ompakking var vi klare til tur. Gjekk vestover mot Søre Kringla. Vinden var så voldsome langs ryggen der at eg lurte på om vi kom til å blåse overende. Vidare nordover til Nordre Kringla og Eitrenipa. Knota litt før vi fann ei rute ned til utosen av Bjørnastigvatnet. Vidare over Høgefjellet, Botnatfjellet og Kringlefjellet og til dagens høgste Synste Stauren. Her var vi i tvil oppover. Vinden banka og herja i rykk og napp. Det var ein kamp å halde seg på beina og få framdrift. Kom opp til vestryggen på toppen og fekk her litt le. I det vi kjem opp på toppen og kjenner eit snev av glede ser vi ein enorme snøvegg som kjem midt i mot oss. Grauttjukke og i full fart. Eit par raske foto ved toppvarden og retur samme vei. No kunne vi sikkert gått ganske rett mot Massbu. På grunn av veret og at dette terrenget var heilt ukjendt våga vi ikkje det, men heldt fram vestover heile Blåegga. Runda rundt vest for topp 787 og gjekk ned dalen nord for Yksnefjellet. Måtte fram med lyktene og kom til Massbu godt slitne. Heldigvis ei lita hytte som er kjapp å varme opp. Tørre kle, sovepose, mat og skitprat. Stemninga steig etter kvart i taket. Janne var turfølgje.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.