Saufjellet (26.01.2014)

Written by Olemann1954 (Ole Lauvskar)

Map
Ascents Saufjellet (134m) 26.01.2014

Me (kona mi og eg) kjørte Rv 555 gjennom Kolltveittunnelen og svingte til høgre i rundkjøringa rett etter tunnelen. Me kjørte så til Knappskog på Fv 561 og svingte der inn til venstre til Fjæreide. Om lag til vegs ende er det ein snuplass for bussar midt mellom Fjæreidvatnet og Fjæreidpollen. Det er ikkje så lett å parkera der, men me fann ein liten plass ved sidan av snuplassen.
Frå snuplassen gjekk me sørvestover ca. 30 meter og deretter skarpt til høgre oppover ein veg. Der denne vegen svinger til venstre er det no ein veg under anlegg som fører rett fram. Nokre få meter inn på den nye vegen tek ein av til venstre og finn snart ein sti som ein skal følgja. Etter ei stund kjem ein til eit skilt der det står Kårtveit og då skal ein ta stien til venstre i dette stikrysset. Så er det berre til å følgja stien, passera ei mast og om ikkje altfor lenge er ein på Sauafjellet som skal vera 133 m.o.h. Dette er eit trigonometrisk punkt og er vorte målt meir nøyaktig til 132,87 m.o.h. Denne har ein fin varde, men er likevel ikkje den høgaste toppen.
120 meter vest for denne toppen er det ein topp som er ein meter høgare viss ein ser på kotane til Statens Kartverk sine kartsider med ekvidistanse på ein meter. Sidan arealet for toppkoten på nabotoppen er ein del større enn det tilsvarande arealet til Sauafjellet, vil det ikkje vera urimeleg å anta at denne toppen er 134 m.o.h. Kartreferansen til denne toppen er ca. 32V0280049 6699547. Primærfaktoren ser ut til å vera 82. Denne er funne ved å sjå på området mellom Krokvatnet og Fjæreidpollen som begge får vatn frå dette området. Nord for dette området kjem ein til Spjeldsfjellet som er 165 m.o.h. Det er fleire sadelpunkt i dette området, men det lågaste er mellom 51 og 52 meter. Viss ein bruker 52 meter og toppen er 134 meter, får ein altså primærfaktor lik 82.
Biletet viser toppen med den fine varden i bakgrunn og den høgaste toppen i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.