Gravfjellet og Nebba (02.11.2013)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Duration 4h 50min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,876m
GPS
Ascents Gravfjellet (1,048m) 02.11.2013
Gravfjellet N2 (983m) 02.11.2013
Nordvest for Gravfjellet (974m) 02.11.2013
Knollan (901m) 02.11.2013
Nebba (1,105m) 02.11.2013
Visits of other PBEs Breiviksetra (515m) 02.11.2013

Start for turen var liten parkeringsplass ved Indre Breivika. Opp til Breidviksetra er det god, men ganske bratt sti, før terrenget vert lettare når ein kjem opp til Breidvikvatnet. Eg fulgte DNT-stien mot Måsvassbu, og passerte Ingridsetra før eg kryssa Ljøsåa. Rett før Såtskarvatnet forlot eg stien og gjekk rett mot Gravfjellet. No møtte eg 10-15 cm med snø, og med joggesko gjaldt det å vere forsiktig med skjulte steinar og hol. På toppen var det fin utsikt mot Smørbottfjellet og Kvasstinden i vest, og vidare utover fjorden og mot Molde. Vidare var det veldig fint å gå langs nordkanten av Gravfjellet og sjå ned mot diverse vatn og Slemmemyrane (som visstnok er største myra i fylket?). Turen opp til Nebba er enkel, og på grunn av kald vind vart det eit relativt kort toppopphald, før eg satte kurset tilbake mot Breidviksetra.
Vel heime hadde svigermor kome på besøk, og ho hadde med seg Verdens Beste (Kvæfjordkake), og det passa sjølvsagt veldig bra! :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.