Helsethornet (17.10.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Helsethornet aust for (873m) 17.10.2013
Tua (1,012m) 17.10.2013

Frå E39 ved sørenden av Storesætervatnet tok eg av på bomvegen (30 kr) Tuavegen opp Fladalen. God parkeringsplass i enden av vegen ikkje så langt frå Movatnet. Herfrå er det visstnok T-merka sti opp til Helsethornet/ Tua. Fulgte stien et stykke men da det gjekk nedover langs høgspenttraseen mot Movatnet rekna eg med eg var på villspor. Denne ettermiddagen var det snøbøyer og snøen la seg ned til 3-400 moh og pga snøen var stien vanskelig å sjå. Lågt skydekke gjorde det i tillegg vanskelig å orientere meg så eg gjekk bare min eigen veg oppover Skåldalen og kom meg opp til 873-toppen. Herfa drog eg kjensel på Ramnegrøvatnet i nord så då forstod eg ialfall kor eg var. Måtte gå eit stykke ned igjen før eg fortsatte vestover forbi fleire knauser og fekk så auge på toppen som eg gjekk opp til via nordaustsida. Kunne sjå ned til Bjørkedalsvatnet og bygdene rundt men ellers var alt innhylla i skyer. Gjekk ned igjen mot Ramnegrøvatnet og ned til Movatnet og så stedvis på sti tilbake til vegen. Rundtur på drøyt 4t.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.