Eggjenibba og Storefonn (14.10.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Eggjenibba (1,338m) 14.10.2013
Eggjenipa S2 (1,260m) 14.10.2013
Nord for Storefonnskaret (1,587m) 14.10.2013
Sør for Storefonnskaret (1,526m) 14.10.2013

Frå E39 i Våtedalen tok eg av ved Egge og forbi siste garden er det bomveg (30kr) opp Øvredalen. Der bilvegen slutter på ca 540 moh går det merka sti opp til Eggjenibba. Traff på tre stykk som gjekk ned mens eg var på veg opp. Det er fleire klyveparti opp nordeggen og fleire plasser var det lagt ut kjetting. Stor varde på toppen med bok som viser gode besøkstal. Tilnærma skyfri himmel for fjerde dag på rad og stilt og sommarleg temperatur.
Gjekk videre på T-merka sti sørover over 1260-toppen og ned til nordsida av Støylsvatnet. Herfra går den merka stien nordover tilbake til Eggjestøylen, men eg gjekk austover opp til vestenden av Trollebottsvatnet på en sti som eg etter kvart forsvant for meg. Fra Trollebottsvatnet gjekk eg nord og nordaustover mot Storefonnskaret der eg var oppom eit par topper på drøyt 1520 m. Den nordvestlige toppen såg tilsynelatande høgast ut av desse to, og barometerklokka viste 2 m høgare enn 1526-toppen i søraust. Så måtte eg ned i Storefonnskaret før siste oppstigninga til 1587-toppen. Bare ein spinkel varde her så det tyder vel på at denne toppen sjelden vert besøkt. I luftlinje er det bare få km over til den dominante Snønipa på austsida av Myklebustdalen. Såg ut til å vere en del sprekker i breen rundt så det er nok ikkje lurt å gå åleine der om hausten, men på kartet er det stioppgang frå Myklebust opp til breen.
På veg ned frå 1587-toppen gjekk eg nordvestryggen mot en bre og så vestover i øverste kant av snøfeltet og utover til det er utsyn ned i Øvredalen. Her er det fleire grov ned fjellsida og eg gjekk ned langs sørsida av den mest markerte av grova. Det er vanlig steinur øverst men under ca 1200 moh er det et område med fast mosegrodd stein og her kan det nok vere utglidningsfare, særlig hvis det er fuktig. Under ca 1100 moh vert det mjukare og mykje betre å gå nedover. Det var bare ein kort passasje gjennom bjørkeskog rundt 700 moh, og nedanfor her så er det ein smal sone med åpent beitelandskap langs bekken heilt ned til vegen. Herfra er det ein dryg km å gå oppover til enden av bilvegen. Utfrå kartet hadde eg på førehand peika ut Tverrelvdalen som mogleg retur frå Storefonnskaret. Det er nok fullt mogleg å gå ned her og, men det såg ut til å kunne vere ein del bratte sva som evt måtte omgåast.
Rundtur på 10t, korav 8-9t gangtid.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.