Gjegnen (12.10.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Nordøst for Gjegnabu (1,212m) 12.10.2013
Gjegnen (1,670m) 12.10.2013
Øst for Gråfjellet (1,254m) 12.10.2013
Visits of other PBEs Lavesteinen (730m) 12.10.2013

Kom austfrå langs Hyefjorden og Hopsvatnet på fv 615. Frå Hope kjørte eg ein bratt grusveg nordover ein dryg km før eg kom til ein ganske stor parkeringsplass på drøyt 160 moh. Videre oppover vert vegen av dårlegare standard så den egner seg ikkje for bilkjøring. På ca 400 moh, litt forbi øverste høgresving ligger et treskilt i vegkanten som viser T-merka sti mot Gjegnabu som eg fulgte oppover gjennom skogen og så for det meste på snaufjellet over 8-900 moh. Forbi Gjegnabu var det fortsatt T-merking langs nordsida av 1147-vatnet, men så musta eg merkinga og det blei langdryg sikk-sakk-gåing nordover pga et slags trappeforma bergterreng med langsgåande skrenter. Måtte heile tida litt opp og så en del ned og så opp igjen osv fram mot kanten av Gjegnalundsbreen. Her blei det endelig jamn stigning igjen nordvestover under eit høgt stup der det nok er rasfarlig om vinteren og våren. Måtte forbi ei særs grov ur før eg kunne gå langs sida av snøfelter mot vest og så nordover opp sørryggen til Gjegnen.
God kjensle å endelig kome opp på denne norges 5. mest prominente topp under skyfri himmel og overraskande varmt til å vere i midten av oktober. Nysnøen var i ferd med å tine vekk i solsida og var kram i skuggesida. Flott utsikt austover mot Jostedalsbreen og Nordfjord, sunnmørstopper i nord og Ålforbreen i sørvest. Langt ute i vest såg det ut til å ligge en del skoddeskyer. Var og bortom et utsiktpunkt med varde nord for toppen.
Første del av returen gjekk radig men så var det på nytt dette kaotiske bergterrenget mot Gjegnabu. Stien går sannsynligvis lenger aust men prøvde ikkje å leite etter den. Var oppom en topp på drygt 1210 moh nord for 1147-vatnet og gjekk så forbi Gjegnabu igjen. Tok meg ikkje tid til å gå inn i hytta sidan dette blei ein tidkrevande tur. Var og oppom 1254-toppen aust for Gråfjellet før eg gjekk nedover mot Hope. Det hadde vorte mørkt men takka vere halvmånen lågt på sørhimmelen gjekk det greit å orientere seg. Lang og dryg tur på 13t korav 11-12t gangtid.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.