Botnafjellet og Blåegga (11.10.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Blåegga (1,533m) 11.10.2013
Botnafjellet (1,572m) 11.10.2013

Brukte turrapporten til "500fjell" da eg planla denne turen, men forkorta turen en del så eg kun fekk med meg dei to pf 100-toppane. Parkerte i en skarp sving nord for Mykland på ca 240 moh. Herfra var det god sti opp til Blådalsvatnet og så opp i ei bratt renne opp i den sørvendte fjellsida nordaust for Blådalsvatnet. Videre var det T-merka opp til Botnafjellet. Tynt lag nysnø over 1300 m og det var fleire fotspor i snøen, sannsynligvis frå dagen før for eg såg ingen folk på turen. Vardeboka låg i en grøn matboks godt skjult inne i varden, og det var ikkje skreve i boka dei siste dagane. Tok ein runde utover nordvestryggen for utsyn ned i Sørsendalen før eg gjekk videre sørover til Blåegga. Gjekk så ut på austkanten og studerte fjellsida ned og det såg greit ut å gå ned her langs sørsida av breen. Denne fjellsida såg "stygg" ut frå andre sida av Blådalsvatnet så eg var veldig usikker på om det gjekk an å gå ned her. Det var en del snødekte og isete svaberg ned her som gjorde det litt problematisk men kom meg greit ned forbi breen og så enkelt på barmark over Vetletua og ned til Blådalselva. Siste stykket på stien ned til Mykland med lommelykt om kvelden. 10t korav 8-9t gangtid.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.