Volda: Humpen, Lise si Volda 100 m komplett! (29.09.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Langedalen (330m)
Endpoint Langedalen (330m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 400m
Map
Ascents Humpen (710m) 29.09.2013
Lise på Humpen, Lisje-Eidskyrkja og Tårnet bak.
Lise på Humpen, Lisje-Eidskyrkja og Tårnet bak.

Lise har verkeleg økta på denne sesongen, fleire turar åleine til Volda kommune. No var det berre denne anonyme toppen igjen. Humpen 708 i Høydalen. Kjøyrde bomvegen oppover til parkeringa innerst i dalen. Her kom eit par lokale karar som hadde vore på overnattingstur med fiske som fokus. "Hompe? D e no ingjen so jenge på Hompe!" Nei det var tydeleg at dette ikkje er ein mykje besøkt topp. Men etter litt prat kunne dei fortelle om ein kar utafrå Gurskøya som hadde vore der ifjor. Hehe, javel det er Mr Westcoastpeaks, Arnt Flatmo sa vi. Takka for praten og gjekk oppover i råsa som er lett å finne. Oppe ved vatnet tok vi berre bratt oppover ved hytta. Her er det sjølvsagt ikkje spor etter folk. Ca 100 høgdemeter opp til toppen frå hytta. Gratulasjonar og kjapp fotoøkt. Retur same veg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.