Sande: Gjøna og mange andre, pf 50 komplett (08.09.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Fyre (389m) 08.09.2013
Gjøna (531m) 08.09.2013
Hanen (416m) 08.09.2013
Haugshornet (431m) 08.09.2013
Nørdbergsheida (509m) 08.09.2013
Røddalshorn (563m) 08.09.2013
Saursegga (517m) 08.09.2013
Storetua (592m) 08.09.2013
Storevasshornet (479m) 08.09.2013
Gjøna 531. Flygande maur og lokale trimmarar frå Gjerdsvika.
Gjøna 531. Flygande maur og lokale trimmarar frå Gjerdsvika.

Reiste for ein gongs skuld til Sunnmørskysten med godt ver. Her har det blitt mange dagar i dårleg og halvdårleg ver. Dei flotte dagane blir brukt lenger austover i landet. Planen var støvsuging av toppar i Sande kommune ned til pf 50 meter. Kjøyrde først til Røyset under toppen Gjøna. Her gøymde eg ein sykkel i eit granfelt. Studerte med ei viss interesse nedgangen frå Gjøna til veien. 10,4 km i bil tilbake til vassverket på Holte. Her startar stien mot Sæsvatnet og Storetua. Lett og fint å gå. Gjekk først på Røddalshornet. Vidare Storetua, Nørdbergsheia, Haugshornet, Hanen, Saursegga og Gjøna. På Saursegga møtte eg turlag frå Gjerdsvika. Artig gjeng, pølse i brød vart servert umiddelbart. Nokre gutungar dreiv med baklengs salto frå ein stein og ned i eit myrhøl, før dei fann ut at dei skulle drive med naking. Foreldrene lo og slo seg på låra. Einaste jenta i ungeflokken følte seg litt tilsidesett og måtte takast hand om av mor, truleg utan varige mein. I turfølgjet var det godt vaksne folk som hadde sett opp på Gjøna (eller Nipa som dei seier) i heile livet, og no endeleg skulle få realisert draumen om å stå på toppen. På Gjøna møtte vi både sau og tusenvis av flygande maur. Gjerdsvikingane kom med klippekorta sine og kunne med skjelvande hand få på plass eit nytt klipp i årets turpostsamling. Takka for praten og pølsene og braut meg rett ned lia mot Røyset. Som venta ikkje berre triveleg med litt av kvart av buskas. Fann sykkelen og trakka mot vassverket.

Tur 2: Parkerte i grushola på Almestad. Sti heilt til Storevasshornet. Denne turen kunne ein lese om på morotur.no sa ein familie eg møtte oppe i lia. Eg hadde funne info på Westcoastpeaks. Siste topp i Sande kommune vart Fyre. 31 toppar og full liste. Satte igjen sekken ved Tødenesvatnet og gjekk bratt opp frå nord. Lita markering på toppen, eit par minutt i stillhet og ettertanke før ein tassla seg nedover igjen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.