Setnesfjellet (30.08.2013)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Map
Ascents Setnesfjellet (1,238m) 30.08.2013

Eg parkerte på parkeringsplass ved kirka på Veblungsnes, og fulgte Tuenvegen til endes. Der starter en merket sti oppover i retning Nuken, som er eit ganske godt synleg utsiktspunkt. Det er til tider svært bratt sti oppover, men ganske godt merka heilt til ein kjem til speilet/antenna på ca 700 moh. Herfrå meinte eg å ha lest at ein bør halde til høgre, og eg fann eit slags hyllesystem oppover. På veg ned fann eg derimot ut at ein heller bør halde litt til venstre, og gå meir eller mindre rett på egga. Vidare oppover er det bratt, men fint å gå. Eg hadde gått det eg var kar om frå starten av, og no kjente eg at krampa i leggane kom viss eg tok i litt for hardt. Då passa det fint å ta siste stega over kanten og få sjå toppvarden berre eit lite stykke unna. Ein siste innspurt fekk dratt siste kreftene ut av leggane.

Eg valgte å gå ned same vegen, men det er garantert ein fin tur å gå vidare mot Svartebottstinden og Grisetskolten, og ned til Innfjorden. Den turen må derimot vente til neste gang.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.