Sande: Riste, Kvamsøya og Storholmen (23.08.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Kayaking
Vertical meters 750m
Map
Ascents Høgste Riste (191m) 23.08.2013
Klettane (77m) 23.08.2013
Midtkletten (60m) 23.08.2013
Ytste Nonshornet (287m) 23.08.2013
Nørdrekletten (65m) 23.08.2013
Skinhammaren (272m) 23.08.2013
Sørekletten (67m) 23.08.2013

Kroksleiven fekk ingen alternativ denne gongen. "Du blir med uti øyane, og eg lastar opp bilen med kajakkar og utstyr!" Reiste rett etter arbeid fredag ettermiddag. Planen for fredag kveld og laurdag var alle toppar på/rundt Kvamsøya og Sandsøya. Første spenningsmoment var ferja frå Åram som etter mine nitidige ferjerutestudier skulle gå 1615. Det gjekk bra. Eit eldre par i bobil var einaste folka på ferjekaia. Gubben hadde snørpa ihop dressbuksa med eit belte omtrent i navlehøgde. Kjerringa som var han overlegen i vekt hadde opne sår på overarmane og smatta på ein plastpinne, sannsynlegvis med noko medisingreier i. Vi slo av ein prat om veir og vind og bobilar.

Tur 1: Stille og fint på fjorden og vi bestemde oss for å gjere unna kajakkpadlinga denne kvelden. Kjøyrde til Ristesundet og bar kajakkane ned i vika, fint å kome i gang på sandstranda der. Kroksleiven har tidlegare vore i kano men dette var debuten i kajakk. Han kom seg avgarde. Kursen var noko vestovervendt mot Vanylvsgapet og Færøyane, før han fann ut av roret og kom seg meir på kurs mot Riste. Grei padling over. Lett og fint å gå til topps på øya. Mykje villsau. Huset på øya er godt vedlikehalde og her er ryddig og fint. Bok på toppen, flittig besøkt. Men ein skal ikkje gå her i fredningstida.

Tur 2: Kajakktur til Storholmen. Fekk parkere og gå over ei mark etter samtale med ei gammal dame. Enkel tur, når vi først var på øya gjekk vi over alle 3 klettane. Sørekletten er høgaste og ligg i Sunnmøre 50m-lista. Derfor den voldsomme interessa for denne øya. Torleiv som snart er einaste mannen i Norge under 30 år med i glødande interesse for landbruk, kunne på returen observere stor aktivitet i hoslåtten. På fleire km avstand kunne han konstatere Ferguson, Serigstad haustar og Kverneland vogn!

Tur 3: Kjøyrde til fotballbana. Her var mykje folk på veg heim, sikkertnok etter ein kamp i 7 div eller noko slikt. Merka rute mot "Fjellet". Vi måka på, det var realistisk å rekke ferja 2200 til Voksa. Gjekk først til Nonshornet og så over Skinhammaren på returen. Rakk ferja med god margin. Kjøyrde frå Voksa til Helland/Vågane på Sandsøya. Her var planen å nyte den fine kvelden med litt mat og øl. Etter nokre sekunds arbeid med å setje opp teltet var det klart at dette vart eit helvete. Værste knotthølet eg har vore i, og i tillegg blir det ikkje bedre når ein må bruke lykt. Fekk kokt opp vatnet og åt Realen i bilen før vi stupte i teltet og knerta ei lunka øl og ein pakke potetgull. Vi var iallefall klare til neste dag!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.