Store Hånosi via Senddalen (23.07.2013)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Store Hånosi (1,836m) 23.07.2013
Vetle Hånosi (1,700m) 23.07.2013
Råken (1,388m) 23.07.2013

Var på forhånd usikker på kva vegvalg eg skulle ta opp til Store Hånosi. Det ville uansett bli mange hm vertikalt og/eller km horisontalt. Fra E16 i Lærdalen tok eg av der det var skilta til Mo og Rikheim med golfbane. På garden på Rikheim sat ein famelie ute og åt is i varmen. Eg spurte dei om ruta opp til Hånosi. Blei forklart at det gjekk merka sti opp til Senddalen (det står Sanddalen på mitt gamle kart), og blei anvist å parkere på austsida av løa der stien starter. Der var det ei grind med oppslag fra Lærdal turlag om at det ikkje var tillatt med hund i området uten at grunneigar var kontakta, og det stod oppført et par mobilnr.
Stien oppover var en delvis gjengrodd traktorveg dei nederste ca 100 hm og så var det vanlig smal sti videre oppover gjennom jungelen. Siden det var bratt nordvendt fjellside var det skyggefullt og behagelig å gå oppover. På snaut 900 moh begynner skogen å åpne seg opp og det er et stidele vestover til stølen Senddalen men eg fortsatte videre sørover. Her er stien utydeliger og ikkje merka. På snaut 1000 moh kryssa eg bekken (er kanskje ei elv ved stor vassføring). I fjellsida i sør renner det ned tre bekker og eg fulgte en sti på austsida av den midterste bekken opp til det flater ut på drøyt 1300 moh.
Gjekk så videre sørover mot Stavadalen og på ca 1400 moh dreide eg nordvestover opp fjellsida og over noen snøfelt fra ca 1600 moh og kom opp til Store Hånosi fra nord. Brukte rundt 6t opp men hadde et par tekniske kvil undervegs. Stor varde på toppen men den er i ferd med å rase ut på vestsida. Vid utsikt i alle retninger men i sør var det ei ettermiddagsbøye som ga fra seg nokon tordenskrall.
Etter et par timers pause la eg returen nordover til Vetle Hånosi og Råken. Litt nord for toppen av Råken var det veldig god utsikt ned i Lærdalen ca 1300 hm under meg. Måtte så gå en km sørover igjen til Bøahytta. Herfra er det merka sti ned den bratte fjellsida til Senddalen. Herfra var det same stien ned igjen til Rikheim som eg gjekk opp. Eit stykke nedover snofla eg og datt framover og slo høgre kneet i ein stein. Fant ein stokk å støtte meg på resten av vegen ned, for eg klarte ikkje å leggja tyngden på den foten etter fallet. Det skulle likevel verte tur til nok ein topp over 1800 moh dagen etter, nemlig Raudbergskarvet.
Ser i ettertid at det sannsynligvis ville vore kortast og enklast å gått via Tynjadalen på vestsida av Hånosimassivet. Min variant var likevel en variert og flott tur så eg angrer absolutt ikkje på vegvalget.
Fekk teke få bilder med fotoapparatet på toppen før batteriet var tomt. Dei små galleribileta nederst er teke med mobilen og let seg diverre ikkje forstørra.

Parkerte ved sida av dieseltanken og gjekk gjennom grind bak den. Ikkje opp bakken t.h.
Parkerte ved sida av dieseltanken og gjekk gjennom grind bak den. Ikkje opp bakken t.h.
Mot toppen av Store Hånosi frå nordsida.
Mot toppen av Store Hånosi frå nordsida.
På Store Hånosi sett nordover.
På Store Hånosi sett nordover.
Nordaust.
Nordaust.
Søraust.
Søraust.
Sørover mot Hardangerjøkulen i midten lengst bak.
Sørover mot Hardangerjøkulen i midten lengst bak.
På Vetle Hånosi med tilbakeblikk mot Store Hånosi i bakrunnen.
På Vetle Hånosi med tilbakeblikk mot Store Hånosi i bakrunnen.
Trugande skyer og regnboge i aust.
Trugande skyer og regnboge i aust.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.