Sunndalen-Såtbakkollen-Tåga (09.08.2013)  5

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Såtbakkollen (1,632m) 09.08.2013
Såtbakkollen sør (1,617m) 09.08.2013
Tåga (1,840m) 09.08.2013
Tåga S1 (1,775m) 09.08.2013
Tåga S2 (1,688m) 09.08.2013
Visits of other PBEs Klyvepunkt Tåga sørryggen 09.08.2013
Nedgang frå Tåga sør-egga, ur (1,620m) 09.08.2013

Hoppa i bilen etter jobb i Trondheim fredag ettermiddag, og byrja å gå frå Eiriksvollen kl. 2045. Svinga oss dei 76 hårnålssvingane opp den flotte DNT-stien langs Haldobekken, og såg Sunndalen forsvinne under oss i skodda. Slo opp teltet ved 1061-vatnet ca kl. 2315, og inntok ein hustrig Real/Drytech turmat før vi hoppa i soveposane.

Ingen alpin start dagen etter: kl 10 byrja vi vandringa, og kryssa fint oppover ei graskledd hylle og opp på ryggen som går opp til Såtabakkollen. Heile tida dansa skodde og anna tullevær rundt oss, men kom aldri dit vi var. Såtabakkollen (i Sunndalen er dette visst ein kolle) var av mindre underhaldningsverdi, så vi fortsatte mot turens mål: ryggen mot Tåga, og sjølve Tåga-toppen.

Cruxet på ryggen er eit hakk midt mellom Såtabakkollen og Tåga, der det skulle vere noko klyving både ned i hakket og opp. På vei ned sørsida omgikk vi fint ned nokre hyller mot øst, også inn i tydelig dieder ned mot botnen av hakket. Nordsida såg bratt ut frå avstand, men var veldig grei. Ein kjem tidlig opp nokre sva, og held ein til vest når ein går opp desse kjem ein inn i lett-klyvbart terreng. Dette var min første klyvetur, og det gikk veldig fint.

Derifrå gikk vi via topp 1774 til Tåga. Her letna skodda, og vi fekk sjå ei fantastisk utsikt over toppane i innerdalen. Her var det rikelig anledning til å sjå seg ut framtidige turar! Store Trolla dominerer majestetisk i vest saman med dramatiske pinnaklar; mot nord den svært fristande traversen frå Tåga over på Tårnfjellet, og bak der stikk Innerdalstårnet akkurat opp, og mot øst Navardalsnebba, som ser ut som ein Venetzuelansk tepui, og vidare bort på Storsalen og Storsomrungnebba. Sørover såg vi vår eigen teltplass.

På veg tilbake tok vi ein før beskriven veg ned ura i det ovanfor omtalte hakket. Her går ura heilt opp til ryggen, og ein kan gå ned ura nord for renna. Her er det bratt og ura er svært laus, så her bør ein være forsiktig. Vi kryssa så renna nedanfor bratta, og kom over på ur som var bedre bunden saman med litt jordsmonn. Vi fulgte denne ned i Navardalen, og fulgte elva nedatt til teltplassen. Der elva går ut i to fossar kan ein kome seg ned grasbakkar vest for elva.

Etter det vart det springmarsj og blåbæreting dei siste 1000 metrane ned til Driva. Ein topp tur til Trollheimens nest høgste fjell! Anbefalast for grunnkurs tinderangling :-D

Med på turen: erlando, Ms_Annepanne

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kobbenes 11.08.2013 22:02

    eg har drive litt lobbyverksemd på Kroksleiven allereide. Mykje i M&R av interesse her også, særlig Innerdalen og Romsdalsalpane. Blir litt fullbooka resten av august, men september og utover er eg klar for alt (då har eg også brekurs i orden!)

  • -
    avatar

    Team Nordfjord

    Written by boven 11.08.2013 21:56

    Herleg....du må gjerne kontakte Kroksleiven & co så kan vi møtast til ei toppturhelg i haust ein plass. Alt i M&R av interesse.

    • -
      avatar

      Sv: Team Nordfjord

      Written by kobbenes 11.08.2013 22:03

      må ellers seie at turrapportane dine er av stor glede her i huset!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.