Norddal/Rauma: 7 x pf 100, Appenzeller Bier (07.08.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Slettvikane (700m)
Endpoint Øvstestølen (500m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Distance 25.0km
Vertical meters 2,850m
Map
Ascents Berillhøgda (1,294m) 07.08.2013
Hesten (1,611m) 07.08.2013
Hesten S3 (1,633m) 07.08.2013
Hesten S5 (1,644m) 07.08.2013
Ringshornet (1,533m) 07.08.2013
Store Småholtinden (1,591m) 07.08.2013
Søraustre Småholtinden (1,360m) 07.08.2013
Søre Småholtinden (1,473m) 07.08.2013
Storfjellet (1,648m) 07.08.2013

Eit lite værvindu var meldt, eg måtte ha 2 gode dagar + ein halvveis for å gjennomføre denne runda til Norddal kommune. Kom til Slettvikane tidleg på kveld og fann ein meget god teltplass. Kartlesing og diverse tankevirksomhet om livets realiteter før ein sovna inn.

Ringshornet sett frå Småholtindan. Typisk for dagen.. skodde/sikt om einannan.
Ringshornet sett frå Småholtindan. Typisk for dagen.. skodde/sikt om einannan.
Mykje skodde på morgonkvisten/føremiddagen. Planen var den som vart gjennomført
Storfjellet sett frå topp 1650. Renna eg gjekk ned til venstre.
Storfjellet sett frå topp 1650. Renna eg gjekk ned til venstre.

heldigvis.... men tenkte på at det kunne bli kortare, muligheter for å avbryte undervegs. Frå Slettvikane fulgte eg sti vestover, tok av til 1361 dagens første. Vidare seier rekkjefølgja seg stort sett sjølv. Ringshornet er godt besøkt i vårskiperioden. Eg var førstemann til å skrive meg i boka i sommar. Småholtindan tok eg opp ryggen frå søraust. Egga til Storfjellet overraska meg litt. Måtte rundt på austsida og opp eit bratt snøparti. Frå denne bar det bratt ned ei renne før eg traverserte mot Berillhøgda. Sør for Merratjørna ca 1100 moh fann eg ei hylle bratt opp, vidare lett til 1634. Nordover til Hesten 1610 og så tilbake til 1650. Vekslande med sikt heile dagen, av og til berre velstand, så plutseleg grautskodde. Ved varden på 1650 reiste ein raudrev seg. Hadde ein kort samtale med den om felles interesser før den lufsa av garde i kjendt revestil. Aldri møtt rev på ein slik plass før. Frå 1650 tok eg ryggen søraustover mot Berlidalen. I skoggrensa møtte eg eit svaparti og måtte meir rett ausover ned bukkemark. Kom til ei flott bu, Furubu som er avmerka på kartet. Derifrå sti til Nedstestølen.

Internasjonal meny i Slettvikane. Kebabgryte und Appenzeller Bier
Internasjonal meny i Slettvikane. Kebabgryte und Appenzeller Bier

Ok endeleg framme på Nedstestølen. Hadde grua meg til å gå heile veien oppigjen til Slettvikane. Her møtte eg ein kar som var imøtekomande og hyggeleg. Uansett kva eg sa om kor langt eg hadde gått og kvar eg skulle kobla han ikkje....Ikkje f.. om eg skal be om skyss tenkte eg, då blir det heller haik. Fann sti frå Nedstestølen mot Øvstestølen. Oppe på veien var det å kaste ut tommelen. Bil 1: Uttrykklaus nordmann med grå mus (kona) ved sida. Bil 2: Bobil med utanlandske skilt, heile familien klistra i frontruta. Jaggu fekk eg haik med bil nr 2!!!! og for eit treff! Mannen kunne fortelje at han i sin ungdoms vår hadde klatra 4000-metringar i Alpane. Sveitsiske klatregener parra med asiatisk kvinne hadde resultert i 2 nydelege gutar. "Are you hungry?" Yngstemann på 5-6 år vart kommandert i kjøleskapet og kom med 2 fiskekaker. Vi nærma oss Slettvikane og det gule teltet mitt lyste opp på fleire hundre meters avstand. Sjåføren ratta bilen noke jævligt medan han brølte "North Face!". Klaska neven i dashbordet og kom med full utgreiing om teltet som han hadde maken til. I det eg er på vei ut døra og takkar for hjelpa....."Do you like beer?". Yngstemann kravla innunder bordet og det vart ei fæla klirring i flasker før han kom opp med 2 flasker Appenzeller Bier. Eg lo heile veien opp til teltet. For ein dag!

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Garm 11.08.2013 22:46

    Ingen som kan skulde deg for å sova bort sumarnatta. Undrast på kva budsjett du og kjerringa har på fjellstøvlar...? :)

    • -
      avatar

      Sumarnatt og fjellstøvlar

      Written by boven 11.08.2013 22:53

      Skohylla er eit kapittel for seg sjølv ja.... sumarnatta er dessverre snart historie for i år.

    • -
      avatar

      Re:

      Written by lyngve 19.09.2013 18:20

      Utgifter til fjellstøvler er nok uansett lite i forhold til pengane til bensin, ferge og svele for å komme seg rundt til alle fjelltoppane :-)

      • +
        avatar

        Sv: Re:

        Written by boven 19.09.2013 19:09
        • +
          avatar

          Re: Sv: Re:

          Written by lyngve 19.09.2013 20:57
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.