Min fyrste tur til Harbak (03.08.2013)

Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Start point Drontheim Rock City
Endpoint Drontheim Rock City
Characteristic Bouldering
Duration 13h 00min
Map
Visits of other PBEs Harbak 03.08.2013
Harbak
Harbak

Fleire helger denne våren og sommaren har vi planlagt tur Harbak, men Trøndelag er Trøndelag og været har som regel sett ein stoppar for planane. Denne helga skulle det endeleg bli tida for min fyrste tur til Harbak. Eg var delvis litt bekymra sidan eg frå før berre har buldra på 4 og 5 talet ute. Det hjalp heller ikkje på at eg visste at alle ruter under 6A kun er gradert "lett" i føreren, og at ein ikkje får billige grader på Harbak. Likevel var eg jo gira på å få eit besøk til eit av Noregs beste buldrefelt!

Klokka 9 laurdag morgon blei eg plukka opp av Leif Erik og Eirik, før vi sette kurs mot Flakk og ferga over til Fosen. På ferga møtte vi resten av gutta på tur; Arve, Erlend og Eivind. Lita kaffepause med vond fergekaffe, før vi dura i veg frå Rørvik og opp til Åfjord. På YX Åfjord bunkra vi opp med kjeks og snop før vi kjøyrde siste bit ut til Harbak. Her reiv vinden godt i kasta og før eg viste ordet av det fekk eg smakk ein pad i trynet. Fin start på dagen! Byrja med nokre lette bulder i oppvarmingssektoren, og det gjekk jo for det meste greit sjølv for meg. Rettnok trengte eg nok eit par forsøk meir enn dei andre. Dum som eg var buldra eg med min kjære titan-spork i lomma, denne falt pluseleg ut av lomma og ned under steinen og var ikkje til å nå..

Etterkvart ville dei andre ha litt meir utfordring. Vi tusla opp til steinen "Akkurat der". Dei andre hadde byrja på bulderet "Cool Hand Luke" ein overhengande sak med eit crux på eit ganske sloperaktig tak. I 25 varmegrader og høg luftfuktigheit så var nok graden på dette over 6A som angjeve i føraren. Dei fleste gav opp, men eit par av dei gamle karane som hadde gått dette før fekk til slutt sendt denne også til tross for mindre ideelle forhold. Erlend hadde i mellomtida funne seg eit bulder nede i eit hol blant steinane. Eit fint bulder, hadde det berre ikkje lege nede i holet og landing rett i ein radbrekkande stein.. Nokre uengasjerte forsøk frå dei fleste av oss, før vi heller ville spare fingerhud og få i oss litt lunsj.

Etter eit par skiver med blåbær tok eg og eit par andre oss ned til det som vistnok skulle vera den lettaste 6A på Harbak; "Munin". Leif Erik hadde flasha den før og flasha den igjen. 100% suksessrate der altså. Eg gjorde nokre forsøk og kjente at den var tung men faktisk ikkje umogleg. Gjorde nokre hederlege forsøk, og fekk etterkvert ei god flenge i fingertuppen (Blod og greier!) så eg blei fort litt giddaslaus. Dei andre var meir gira på ein 6C; "Big Foot" så vi tusla opp dit.

Her blei det gjort utallige forsøk på å sende den av leif Erik, Eirik og Erlend medan eg for det meste satt og såg på og heia, eller gjekk eit og anna uinspirerte bulder grad "lett". Utover eftan bles det opp ganske kraftig, så ein del av utfordringa for gutane blei å henge på i blæsten, samt å halda pad'ane på plass. Nokre timar og utallige forsøk seinare byrja det også å regna. Det såg med andre ord stygt ut for at nokon skulle få sendt denne ruta i dag, og moralen på gutane sank i proposjon med været. Men der i sidevind og kraftige byger sendte endeleg Leif Erik det siste av "berre eit siste forsøk", og dagen for han var redda. Han skulda oss alle ein perse-is no! Regnet og vinden tvang oss etterkvert opp i hula der Arve og Eivind holdt på med nokre tunge, tekniske overhengande saker. Medan vi sat der, så stilna regnet. Inspirert av innsatsen til dei andre, fant eg ut at eg hadde gjeve meg alt for lett nede på "Munin" og bestemte meg for å prøve orntleg.

Eg og Leif Erik tusla derfor ned igjen og eg prøvde på igjen. Fortsatt tungt, men fortsatt følelsen av at dette her kunne gå. Pump i armane, Leif Erik viser meg beta. Prøver igjen og igjen. Pumpen tar meg. Så lita pause, der eg øver muskelminnet til å treffe ein liten kant rundt egga. Nye betainstruksjonar frå Leif Erik. Eg tek ein djup pust og prøvar på igjen. Det fyrste flyttet sit som det skal. Beinet eg har streva med å få på plass på dei tidlegare forsøka sit nokonlunde! Smyg meg rundt kanten og får tak på den lille kanten. Greier med mykjy kamp å fyrst få beinet orntleg på plass, før eg greier å få svitsja og får ut høgre dit det skal væra. Krafsa og kjempar meg opp svaet, held på å dette eit par gonger, men eg skal F**N ikkje gje meg. Med mykje kamp greier eg til slutt å toppe ut "Munin". Ny pers på 6A, og fornøgd gut!

Solnedgang over Harbak
Solnedgang over Harbak

Vi labbar opp igjen til hola der dei andre driv på med "Marions truse". Eit teknisk overhengande bulder på 6A+. Eg gjev det nokre forsøk. Får på hælhook og får ut fyrste handa, men fell av på cruxet: Ein tåhook som set store krav til kompressjon i kroppen. Finn etterkvart ut at her er det lite å hente i dag, og set meg heller ned og kjikar litt utover havet medan dei andre også ein etter ein går tom for motivasjon og energi. Etterkvart kjem vi oss i bilane og durar tilbake mot sivilisasjonen. Ein kjapp burger på Åfjorden YX og klampen i bånn for å nå 21:00 ferga tilbake til Flakk. Køen er i ferd med å kjøyra ombord når vi når fram og vi kan omlag trille ombord på ferga i dét den skal ta til. Flott dag ute på Fosens perle, og sliten, men fornøgd gut med blodige kne, såre og til dels oppskrapa fingre, motivert for nye turar til Harbak!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.