Norddal/Rauma: Veslelangdalen rundt (30.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Øvstestølen (530m)
Endpoint Øvstestølen (530m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 55min
Distance 34.0km
Vertical meters 3,300m
Map
Ascents Bjorstadfjellet (1,468m) 30.07.2013
Bjorstadfjellet Ø1 (1,462m) 30.07.2013
Bjorstadfjellet Ø2 (1,417m) 30.07.2013
Bjorstadfjellet Ø3 (1,419m) 30.07.2013
Breifjellet (1,601m) 30.07.2013
Breifjellet Vest (1,572m) 30.07.2013
Nordvest for Breifjellet (1,278m) 30.07.2013
Hånådalstinden Nord (1,665m) 30.07.2013
Knutskoppegga (1,595m) 30.07.2013
Storfjellet (1,711m) 30.07.2013
Storfjellet NV1 (1,595m) 30.07.2013
Storfjellet NV2 (1,570m) 30.07.2013
Storfjellet Vest (1,651m) 30.07.2013
Søraust for Breifjellet (1,338m) 30.07.2013

Turen blir til medan man går er det sagt. Planen var dei 2 toppane på Breifjellet og muligens plukke Knutskoppegga dersom veret heldt seg bra. Hadde fått vermelding med campingplassdama på Valldal Camping. Hadde med 2 bananer, eit eple, ein pose peanøtter og dagens brødskiver + gårsdagens brødskiver + dagen før det igjen brødskiver som ikkje var oppetne. Vossafårpølsene med ramslauk og kvitosten var ganske så svett, trudde vel ikkje dei skulle gå ned iløpet av dagen.

Aust for Knutskoppegga. Vi ser Storbreen og topp 1665 til venstre. Skaret der eg satte igjen sekken.
Aust for Knutskoppegga. Vi ser Storbreen og topp 1665 til venstre. Skaret der eg satte igjen sekken.

Starta 0930 frå Øvstestølen. Fulgte merka sti mot Veslelangdalen og Osten. Nå fekk eg aldri sjå denne Osten sidan eg enda med å gå rundt heile greia. Og Veslelangdalen...misvisande som berre pokker. Kunne like gjerne vært Kortelangdalen, men eg enda med å kalle den Kjempelangdalen. Sånt kan ein spinne på når ein går åleine og tullar.

Trakka til ganske bra innover og merka at beina var lette og fine. Måtte av med skotøy og vade elva på ca 730 moh der elva har to løp. Bratt opp lia til topp 1278 som vart finmålt for å sjekke om den skulle inn i 50-m lista for Sunnmøre. Pf 52-53 meter på denne målt med GPS. På Breifjellet 1601 føltest det som dagen var nettopp starta og Knutskoppegga gjekk i ein fei. Begynnte å forbanne meg sjølv for defensiv turplanlegging. Oppteljing av brødskiver og kartstudier etter at ein ide hadde fått feste i tankane mine. OK beslutningen var tatt, osa vidare og kryssa nord for Bjørnebottvatnet, vidar nordover og fulgte kanten nord for Storbreen til skaret 1455. Satte igjen sekk her og klyvra bratt opp til topp 1665. Tilbake i skaret før det var gått 6 timar, følte no eg hadde bra kontroll og tid. Over Storfjellet 1711 fekk eg litt regn, men det letta kjappt. Seinare på dag var det heilt svart aust for meg, og i Romsdalen rulla tordenbygene så det skralla i fjella. Frå topp 1570 gjekk eg bratt ned mot vatn 1163. Trudde ei stund eg hadde gått meg fast i hyllesystemet der men fann ei rute ned. Var no komen ned i brødskivene frå dagen før i går, og dei måtte skylljast ned med vatn. Over austtoppane på Bjorstadfjellet hadde eg forventa ein lettgått rygg men her var det mykje krongling, opp og ned på kryss og tverrs. Endeleg framme på Bjorstadfjellet 1468 var det tid til å drikke litt vatn og tygge noke av dei siste bedrøvelige skivene i matboksen. Frå Trollstigen og nordover såg det ut til å være eit forferdeleg ver, berre å kome seg heimover. Gjekk bratt nedover rett mot Veslelangdalen (Kjempelangdalen) og kom inn på stien ca 800 moh. Etter knappe 11 timar var eg framme ved bilen etter det som skulle være ein relativt kort og grei tur. Hamburgermeny i Valldalen før eg kjøyrde heimover. På Stranda åpna himmelen seg fullstendig. Hårre steik, i dag var eg heldig med veret.

User comments

  • -
    avatar

    Det Löser Sig

    Written by boven 01.08.2013 21:44

    Norddal kommune virkar uoppnåelig med 150 toppar over 1000 meter (PF 50), til dels lange avstandar og eit stykke heimafrå. Men det ordnar seg ser det ut som, berre ein kjem i gang. Mange lange rundturar der toppane ligg på rekke og rad.

  • -
    avatar

    Puh

    Written by oddis 01.08.2013 08:57

    Og hårre steike for en tur :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.