Norddal: Breinausa og Heimste Høghornet + eit par til (29.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sørdalsvika (10m)
Endpoint Sørdalsvika (10m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 34min
Distance 22.4km
Vertical meters 1,900m
Map
Ascents Breinausa (1,432m) 29.07.2013
Søre Breinausa (1,390m) 29.07.2013
Daurmålshaugen sør (1,173m) 29.07.2013
Heimste Høghornet (1,485m) 29.07.2013
Visits of other PBEs Muldalen (370m) 29.07.2013

Vi kom frå kanonveke i Norddal torsdag 25. juli. Etter ein dag heime i tunet og sparke småstein og ein dag med småturar på Seljavarden og Skjolden var kroppen rastlaus som f... Kroksleiven var opptatt med sitt og Lise starta på jobb igjen. Pakka bilen og drog på soloturne til.... Norddal så klart. På veien plukka eg 4 enkle i Stranda 50m-lista, status 139/143. Enda opp på den mykje omtala Valldal Camping, her er vi kjende no og det er eit greitt utgangspunkt for turar i fleire retningar. Det var kome folk i fleire campingvogner og eg grubla på kor dei slår ihjel dagane. Ein kar hadde noko snikkararbeid på plattingen sin. Dagen etter dreiv han og måla litt, ellers sat han på ein stol der. Såg ut som han funderte over eksistensielle spørsmål medan kona sat inne og såg på dårlege seriar på TV.

Vakna utan fastspikra plan. Handla litt på butikken før eg kjøyrde til Sørdalsvika, i retning Tafjord. Her stod det igjen Breinausa + nokre 50-metringar. Stor parkeringplass og god info om Reinheimen nasjonalpark mm. Gjekk 350 høgdemeter på god sti til garden Muldal. Til og med søppelspann på vei oppover. Slikt irriterar meg noke voldsomt. Kan ikkje folk bære med seg søppla ned til veien igjen? Trur dei det forsvinn i lause lufta om dei hiv plast og ølboksar oppi desse dunkane? Stien vidare innover dalen er ei fryd å gå. Tydeleg og med lite stigning, kan gå vidare til Vakkerstølen. Ved Tafjordsætra tok eg sørover merka mot Reindalseter. Ved vatnet i Raudnukdalen nordaustover opp til Heimste Høghornet. 2.20 opp hit. Runda rundt og ned til skaret mot Breinausa ca 1200 moh. Frå dei 2 toppane på Breinausa nordvestover til den noko sære toppen 1174. Fulgte den vesle dalen rett nordover og runda austover mot Raudnukdalen igjen. Kom innpå stien ved Raudnuken. Berre å trille ned til sjøen på sti. Vidare til dagens 2. tur Vardfjellet og Hunden frå Klovsetsætra.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.