Norddal: Aktivitetsveke, dag 4 (22.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Øvre Reindalen (1,100m)
Endpoint Reindalseter (700m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 18min
Distance 27.0km
Vertical meters 1,900m
Map
Ascents Høgstolen (1,952m) 22.07.2013
Vest for Høgstolen (1,813m) 22.07.2013
Østre Høgstolen (1,808m) 22.07.2013
Karitinden (1,982m) 22.07.2013
Pyttegga (1,999m) 22.07.2013
Visits of other PBEs Reinheimen nasjonalpark (500m) 22.07.2013
Reindalseter (710m) 22.07.2013
Teltliv i Øvre Reindalen. Lise og Torleiv har ein jobb å gjere med havregrauten.
Teltliv i Øvre Reindalen. Lise og Torleiv har ein jobb å gjere med havregrauten.
Dag 4, vakna i Øvre Reindalen til skyfri himmel. Dagens 3 toppar var eg på i 2001 på "ekspedisjonen" "Frå Billingen til Geiranger". Den gang i skodde og trasig veir, så det var på tide å gå oppigjen desse i nydeleg veir. For Lise og Torleiv var dette nye toppar. Rekkjefølgja på toppane vart 1814, Karitind, 1808, Høgstolen, Pyttegga. Kryssa elva frå teltplassen og gjekk opp mot Lågstolen, såleis laga vi ein rundtur utav dette og. Alltid kjekkare å gå runder enn opp og ned samma veien. På Karitinden møtte vi to livlege trønderdamer. Dei gjekk mest i Trollheimen, men hyttene der og den populære trekanten var så overfylte med folk at dei ville prøve noko nytt. Dette var einaste folka vi møtte i dag, men frå Høgstolen såg vi 5-6 stk på Pyttegga som returnerte mot Pyttbua. Tilbake ved teltet var det berre å konstatere at Øvre Reindalen var støvsuga for toppar og vi hadde ikkje meir her å bestille. Pakka saman og gjekk til Reindalsseter der vi hadde avtale om å møte 2 andre som skulle være med eit par dagar på tur. Nok ein kjempedag i Tafjordfjella!
På Karitinden. Høgstolen til venstre, Pyttegga til høgre.
På Karitinden. Høgstolen til venstre, Pyttegga til høgre.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.