Norddal: Aktivitetsveke, dag 2 (20.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Øvre Reindalen (1,100m)
Endpoint Øvre Reindalen (1,100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 05min
Distance 27.5km
Vertical meters 2,115m
Map
Ascents Høgtunga (1,912m) 20.07.2013
Høgtunga Vest (1,783m) 20.07.2013
Kollen (1,513m) 20.07.2013
Småkoppegga Nord (1,794m) 20.07.2013
Småkoppegga Sør (1,721m) 20.07.2013
Storløypet (1,716m) 20.07.2013
Storløypfjellet (1,756m) 20.07.2013
Kroksleiven på Småkoppegga 1794. Langt bak ser vi Høgtunga.
Kroksleiven på Småkoppegga 1794. Langt bak ser vi Høgtunga.

Vi vakna i Øvre Reindalen til skodde, om natta hadde det vært rett så utriveleg med vind og nedbør. Det meldte kjempehøgtrykket såg ut til å ha blitt forsinka innover Skandinavia. Kroksleiven fekk havregraut og kaffi servert ved teltdøra. Etter meir kaffi og grublerier kom det sprekker i skoddelaget og det bar avgarde. Heldigvis hadde eg ikkje vist til dei andre på kartet kor langt det var bort til Høgtunga. Gjekk på merka rute til ca 1680, og så til første topp. Rekkjefølgja på toppane vart: Storløypfjellet, Høgtunga, Vest for Høgtunga, Storløypet, Kollen, Småkoppegga og Søre Småkoppegga. Retur frå siste sørvestover ned til teltet i Øvre Reindalen. Toppen Vest for Høgtunga runda vi i sørsida på vei austover, gjekk over den på vei tilbake. På Storløypet måtte vi ta stilling til Kollen 1513. Lise gav seg på denne og gjekk vidare åleine over Småkoppegga og ned til teltet. Torleiv og eg gjekk til Kollen, forferdeleg tungt å ta denne igjen seinare! Ligg svært bortgjøymt med lange alternative marsjar frå Muldalen eller Vakkerstøylen. Vi kom til teltet 1t 10 min etter Lise. Ein god dag, men litt for mykje sur vind til den store kosen. Om kvelden tetta det seg til igjen med meir skodde og nedbør.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.