Tempelet og Ramsgrødheia (03.05.2026)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
| Bestigninger | Ramsgrøheia (429moh) | 03.05.2026 |
|---|---|---|
| Tempelet (397moh) | 03.05.2026 |
Fann ut eg kunne ta ein bonustur, sidan eg ikkje brukte så lang tid på dagens første tur.
Parkerte ved ei lita parkeringslomme og fulgte grusveg opp forbi gardane.
Fann ein sti som gjekk opp til ryggen, men eg vart litt vel ivrig, så eg tok over på eit tråkk og sikta med mot høgda. Opp mot siste stykket til Tempelet trudde eg at eg måtte klyve opp, så det var det eg gjorde.

På veg nedatt oppdaga eg ein sti som gjekk langs hammaren. Dette gjorde nedturen litt lettare.
Vel nede i dalen gjekk eg litt vidare på sti før eg sikta meg inn over dalen og bratt opp mot Ramsgrøheia. Til tider noko tråkk, slik at det gjekk greitt å komme opp. Siste stykket opp til toppen forsvann tråkket og det var berre å sikte seg opp.





Kommentarer