Synstålkyrkja (22.07.2013)

Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Start point Stamsætra (773m)
Endpoint Stamsætra (758m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 49min
Distance 10.7km
Vertical meters 621m
GPS
Ascents Synstålkyrkja (1,324m) 22.07.2013

Pappa har lenge prata om at han kunne tenkje seg ein tur på Synstålkyrkja. Planen var difor å få til dette i løpet av sumaren. Og på sjølvaste bryllupsdagen til mamma og pappa la vi i veg. Kjøyrde opp til Stamsætra, der vi blei møtt av ivrige kuer og sæterdrift. Vi fulgte råket innover til Stamsæterhovden. Eit Iidyllisk landskap med flotte fossefall i Stamåi. Ettekvart kom vi innover i Geitådalen, ein dal pappa meinte var ufatteleg kjedeleg. Eigentleg ganske typisk Skjåkdal; Litt buskete flat U-dal med eit lite grovafar og ei og anna steinrøysa. Sidan eg vurderte å få med meg 100 pf. toppa "Nordøst for Sysnstålkyrkja", sikta vi på ein topp aust for sjølve kyrkja. Litt steinete var det nok oppover, men heilt greit å gå. Som så mang ein gong ellers i fjellet var sjølvsagt ikkje toppa vi sikta på den rette toppa, det var ei topp til bak denne. Sidan eg ikkje var all verda motivert for å springe bortom ein ekstra grushaug for å tikke av ein 100 pf. denna dagen, tok vi lunsj oppe på denne "juksetoppen". Utruleg idyllisk utsikt herifrå, og Kyrkjetjønna som låg her var særs triveleg.

Som ofte ellers var lunsjaktiviteten å prøve å orientere seg blant toppane ein kunne sjå rundt seg, og det var ikkje få. I det store og det heile kunne vi faktisk sjå heile Skjåk herifrå, med eit par hederlege untak (som feks. Hestbreapiggane). Vi såg frå breidalsvatnet og Skridulaupen i eine enden til Karitind, Torsnose, Gråhø og Skarvedalseggen i ein annan, frå Tverrådalskyrkja, Tundradalskyrkja, Holåtindane og Hestdalshøgdi, til Lendfjellet, Storivilen og Hesthøa... Ja vi kunne sjå det meste av Skjåk herifrå! Etter lunsjen stod sjølve Kyrkja for tur, ein lett marsj på ca. 15 minutt og vi stod på toppen. Omlag same utsikt herifrå berre litt høgare, og med eit mykje betre blikk nedover i dalen der rv 15 og Ottaelva slynga seg oppigjennom. Herleg utsikt, kanskje ein av dei beste i Skjåk? I alle fall om ein ynskjer å få sett seg om i bygda! Etter fotosesjon, toppeiking og vardeklyving tusla vi oss nedover igjen mot Stamsætra. Vi valgte no ein litt annan veg ned igjen, og kom etterkvart inn på ein stig som nok er den mest nytta for dei som har tenkt seg hit på Synstålkyrkja. Det tok ikkje lange stunda før vi var nede på Stamsætra igjen, og berre å setja seg i bilen og dure heim til bryllupsdagsmiddag og ein liten dram! Ypperlig tur, som definitivt anbefales for deg som ynskjer å orientere deg og få litt overblikk over Skjåkfjella!

Med på tur: Pappa og Syster (Fjelljenta (Anne Løkken))

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.