Nova på Sande (17.04.2026)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 19min
Distance 6.9km
Vertical meters 593m
GPS
Ascents Nova (638m) 17.04.2026

Parkerte oppe ved Løfallsfeltet. Fulgte stien bratt opp første stykket. Slakt og fint resten, med nokre få snøflekkar eg måtte over.
Tenkte det var ein lur ide å gå ned mot Selstad. Vel.... Må innrømme at eg angra litt på den avgjerdsla då eg med låge sko måtte vasse i snø store delar av turen ned til Selstadstølen. Og den snøen er ganske våt og held lite vekt. Og eg som ikkje er fullt så glad i å bli våt på beina...

Utsikt frå Nova. Litt snø i høgda enno.
Utsikt frå Nova. Litt snø i høgda enno.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.