Langsua og meininga med livet (20.07.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Start point Revsjøen
Endpoint Revsjøen
Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Nørdre Langsua (1,552m) 20.07.2013
Nonstjønnkampen (1,309m) 20.07.2013
Visits of other PBEs Langsubua (1,220m) 20.07.2013

Laurdag 20. juli. Ventande og lengtande sleit eg meg gjennom fem fantastisk langsame timar på jobb i Espedalen. Vêret var sjølvsagt strålande. Planen for resten av helga var enkel; fjelltur. Etter å ha vore ein drug snøggtur nedom Gausdal for å pakke, handle og hente turfølgjet mitt, bar det oppattover same vegen. Halv seks parkerte me på Feplassen på Revsjøen. Godt og vel tjuge gradar, varm vindgufs. Alt var berre fryd, fred og ro og me tok oss god tid. Eg måtte nærast vekkast etter ei av drikkepausene. Litt etter halv ni kunne me opne døra til den tomme Langsubua, bryte alle normar og reglar om forsvarleg fyring i julivarme og koke opp vatn for så å verte servert ei kulinarisk oppleving frå Fjorland. Ein tur ut i kveldssola vart det au tid til før me spelte kort og sovna.

Sundag morgon oppbrant med sol, skyfri himmel og oppdrift i utedassen. Etter frukost med kaku og heimelaga jordbærsyltetøy, bar det av stad mot Nordre Langsua. Me valde å gå mot Steinbua og bratt opp mot Massingtjørn. Herfrå sikta me oss inn på ei snøfonn eg ville ake på før den ville ferda gjekk vidare mot toppen. Etter ein og ein halv time med roleg gange såg me varden. Her var det berre å miste pusten av den formidable utsikta. Mest spektakulært var det å sjå Jotunheimen. Det var likevel ei god kjensle å leggje seg ned i le bak varden og skue uover omtrent heile Gausdal. Turfølgjet mitt tok ei avgjerd om at me skulle ned att same vegen og slik vart det. Dagen var enno ung og me heldt eit jamnt tempo mot Revsjøen. Kjapt oppom Nonstjørnkampen kor Jorid fekk stempla Topptrimkortet sitt. Halv fire var me attende ved Lars Helge, den stakkars bilen.

Turen i vestfjellet denne helga var den finaste hittil i sumar og det var stas å stå på Gausdal sitt høgste punkt. Kjensla av å avkjøle føtene i eit fjellvatn er eigentleg nok til å begeistre meg. Difor tenkjer eg at eg, i alle fall for eit døgn, fann meininga med livet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.