Ljosuregga (07.03.2026)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Furehogane
Kart
Bestigninger Ljosuregga sør (1202moh) 07.03.2026 18:34

I dag var brått heile familien opptatt med andre ting. Så då måtte jo 10 grader og sol brukast til eitvart. Einaste plassen i nærleiken med snø er Furehogane, så då vart det Ljosuregga. Gjorde meg nokon tankar opp dalen, og sjekka snøen på veg opp. 5 cm nysnø, så var resten vått. Her var det moglegheiter. Sjekka igjen på toppen - like smelteomvandla. Så då vart det sørflanken. Vedvararande 30-40 grader utan trygge stoppestader 400 hm. Var jo litt spennande.

Såg då eg kom ned at nysnøen hadde rulla ut som masse små snøballar. No var det sikkert ein eller annan i hyttefeltet som trudde det var eit skred - med skispor inn. Konfererte på telefon med kona om eg burde varsle nødtatane om ingen fare, men det trudde ho ikkje var nødvendig. På parkeringa møtte eg skipatrulja, som hadde vore i kontakt med 113. Ja nettopp. Vel, så fikk vi avblåst det. Og eg fekk tilbod om å bli med i skipatrulja :-P

Fin dag, men er litt tidlig med vår 7. mars.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.